SAMLINGSPLASS: I 2013 hadde Lærdal IL mellom anna invitert Rasmus Mo, i Sogndal Fotball, til å snakka om korleis å skapa engasjement rundt klubben. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
SAMLINGSPLASS: I 2013 hadde Lærdal IL mellom anna invitert Rasmus Mo, i Sogndal Fotball, til å snakka om korleis å skapa engasjement rundt klubben. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Møteplass for heile idrettslaget

Tysdag er det klart for klubbkveld i Lærdal Idrettlag. Målet er å snakka i lag, ha det sosialt og å gjera ein god handel. 

– Klubbkvelden skal fungere som ein sosial møteplass for alle i Lærdal Idrettslag. Det blir gratis kaffi og kaker, der me håpar flest mogeleg frå heile idrettlaget kan møta, seier Trine Grøttebø, nestleiar i Lærdal IL. I tillegg vil det vera gode tilbod på klede frå Umbro, som er idrettslagets leverandør av sportsklede.  

Klubbkvelden går føre seg i Lærdal kulturhus tysdag kveld. 

Ny klubbhandbok

Idrettslaget har lenge jobba med å utforme ei ny klubbhandbok, den vert tilgjengeleg på nettsida til idrettslaget om kort tid. 

– Dette har vore eit omfattande arbeid, men noko me vil dra nytte av i lang tid framover. Målet her er at det skal vera lettare å vera både tillitsvald og aktiv i laget, då både krav og forventningar til korleis me vil ha det i idrettslaget vårt er sett opp, fortel Grøttebø. 

Skal diskutere etikk og Fair Play

Idrettslaget har også utarbeidd etiske retningslinjer for alle i laget. Desse skal, i lag med eit eige opplegg for Fair Play som fotballgruppa har laga, bli presentert for foreldre og aktive i fotballgruppa på slutten av klubbkvelden.

– Her det fint om så mange som mogleg kan møte. Å skapa eit god klubbmiljø handlar om å snakka godt i lag, fortel Kjell Inge Sanden, styremedlem i fotballgruppa.

Til toppen