NYE HALLAR: Denne teikninga syner kor SIL ynskjer å plassere dei nye hallane.
NYE HALLAR: Denne teikninga syner kor SIL ynskjer å plassere dei nye hallane.

MEININGAR

Møteplassen for alle

– Vi ynskjer at ein ny fleirbruks- og basishall skal komplimentere Campus Sogndal med sin plassering og innhald, seier Tonje Norheim Tangerud i dette lesarinnlegget.

Sogndal: For ei spennande og lærerik tid det er å vera styremedlem i Sogndal idrettslag (SIL). SIL og allianse idrettslaget SIL Fotball opplever ei auka i aktivitet både i konkurranse og breidde aktivitet. Sogndal idrettslag (SIL) er eit breidde idrettslag og allianseidrettslag med Sogndal Fotball idrettslag.

Tenk at vi har per i dag har vi kring 1600 medlemar fordelt på 14 ulike idrettsgreiner. Vi har gode tal på organisert idrett men vi veit og at det ein stor del som er aktive i uorganisert aktivitet som er like viktig.

Innvilga kr 200.000,-

I formannskapet det 05.11.2018 presenterte SIL og Sogndal Fotball AS kvart sine prosjekt i felleskap. Vi er utruleg stolte over produktet som blei presentert og ynskjer å forklare litt meir rundt dette prosjektet.

Vi er glad for at formannskapet innvilga kr 200.000,- til vidare arbeid med planen. Campus Sogndal består i dag av mange flotte anlegg som er eigd av ulike aktørar. Vi har i dag friidrettsanlegg, innandørs og utandørs fotballanlegg, klatreanlegg, ein fylkeskommunal fleirbrukshall og symjehall. Vi ynskjer at ein ny fleirbruks- og basishall skal komplimentere Campus Sogndal med sin plassering og innhald.

E-sport spelerom?

Innhaldet skal også knyte uorganisert/eigenorganisert aktivitet til området. Kva med eit eige e-sport spelerom? Utandørs buldrevegg? Skatepark med tak over på ungdomstorget, sjølvsagt med USB ladar ute. Ein skikkeleg møteplass for ungdommen. Der kan dei som har hatt fotballtrening, handballtrening eller anna organisert aktivitet og møte venner som driv med eigenorganisert aktivitet.

I dag er alle spreidd over heile kommunen og ein klarar ikkje å skape ein slik møteplass. Det er viktig med ein god og trygg møteplass for ungdommen vår. Kan hende at ein får augene opp for andre aktivitetar enn normalen? Tenk kva ein kan få til i basishallen! Trampoline med hoppegrop der motorcross, ski, skate, parkour og sykkel utøvarar kan teste triks utan å brekke nakken.

Plassering på Kvåle

SIL ynskjer ei plassering ved Kvåle skule for å kunne ivareta behova deira. For våre største grupper er det fordelsmessig å vera i nærleiken av fylkeshallen som har eit av dei beste parkettgolva som finst. Da har vi moglegheiten til å kunne arrangerer KM og andre arrangement som vi ikkje har mogleheit til i dag.

– Det er viktig med ein god og trygg møteplass for ungdommen vår, seier Norheim Tangerud.  Foto: Porten.no/arkiv

Plasseringa og utforminga vil på ein ypparleg måte binde saman heile Campus Sogndal, og den ivaretek møteplassane som er lagt inn i områdeplanen. Vårt Ungdomstorg vil vere eit flott supplement og gjer området meir attraktivt både i skuletida, på ettermiddag og kveld.

Eg ser føre meg eit område resten av Noreg kjem til å misunne og strebe etter for å få til. Det som er det kjekkaste med dette prosjektet er at det er ikkje eit luftslott! Det er mogleg å få til i lag med kommunen, fylkeskommunen, sponsorar, spelemiddel og dykkar engasjement! Vi treng meir areal til å vekse og vi har i dag venteliste hjå fleire grupper.

Behovet for 2,5 nye hallar i tillegg til eksisterande hallar er her og blir ikkje mindre framover. Vi har same visjon som fleire samfunnsaktørar og no er det på tide å nå visjonen vår! Idrettsforbundet: Idrett for alle, Fylkeskommune: Fysisk aktivitet for alle, Sogndal kommune. Dette står i gjeldane idretts- og friluftsplan: «I samarbeid med skular, idrettslag og friluftsorganisasjonar vil kommunen leggje til rette for auka friluftsaktivitetar, breiddeidrett og idrett på høgt nivå». Bli med på laget alle saman og hjelp oss til å nå måla våre.

Stao no pao

Til toppen