Gulen: – Det er veldig mange klager på dette sambandet. Det er ei årsak til at folk er så misnøgde med det. Det er ikkje bra verken for meg som ordførar eller Skyss at det vert så mykje kritikk kring eit ferjesamband, så vi må finne felles løysingar, seier ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp).

Møter Skyss om kritisert ferjesamband: – Må halde trøkket oppe
Gulen kommune meiner blant anna at det no er grunnlag for to ferjer på sambandet Leirvåg – Sløvåg. I tillegg vert manglande busskorrespondanse eit tema.