MØTER STOREBROR: Håvard Hatle og Fjøra håpar dei kan gjere det verkeleg store og ta seg vidare i cupen. Då må dei slå storebror Sogndal først. Foto: Youri van der Werve. 
MØTER STOREBROR: Håvard Hatle og Fjøra håpar dei kan gjere det verkeleg store og ta seg vidare i cupen. Då må dei slå storebror Sogndal først. Foto: Youri van der Werve. 

Møter storebror i cupen: – Me gler oss enormt mykje

Håvard Hatle og hans Fjøra håpar dei kan vere eit bananskal på Sogndal si ferd mot Ullevaal.

Sogndal: Onsdag kveld møtest dei to gode naboane frå Sogndal i ein kamp der ikkje berre avansement i cupen står på spel, men også heider og ære.

Klubbane samarbeidar tett, og difor er det litt spesielt at nettopp dei to skal møtast i det som blir ein folkefest på Fosshaugane Campus.

Porten.no får sende kampen med løyve frå NRK. Sjå kampen i videovindauget nedst i artikkelen. Kampstart er 18.00.

– Me gler oss enormt mykje. Det er slike opplevingar spelarane trenar for, og dette er kanskje ein av det tøffaste testane dei kan få. Det er topp for oss, seier trenar for veslebror Fjøra, Håvard Hatle.

Vil utnytte dårleg Sogndal-form

Han håpar laget hans kan utnytte den dårlege formen Sogndal er inne i. Eliteserie-laget har berre tatt fire poeng på fem kampar så langt denne sesongen og vil nok gjere alt for å unngå ein skrell i 1. runde i cupen.

– Samstundes veit me at sjølv dei største laga i Eliteserien ikkje likar å møte Sogndal på Fosshaugane, så det er ei formidabel oppgåve som ventar oss, seier Hatle.

Betyr mykje sportsleg og økonomisk

For Fjøra vil det naturlegvis bety mykje dersom dei skulle klare å ta seg vidare til neste runde. Hatle meiner dei har fleire spelarar som held eit høgare nivå og forventar at dei skal vise seg fram i kveld.

Også økonomisk har dette mykje å seie.

– Me kom til 1. runde og fekk ein betydeleg sum då også, så slik sett er sesongen vår redda.

(Video med løyve frå NRK)

 
Til toppen