KUNDEKVELD: Martine Låksrud stilte opp som manekeng og viste fram klede. Foto: Ole Kristian Øren.
KUNDEKVELD: Martine Låksrud stilte opp som manekeng og viste fram klede. Foto: Ole Kristian Øren.

Moteriktig festaftan på Årdalsenteret

Torsdag arrangerte Årdalssenteret festaften for bygdefolket, der nye trendar og flotte klede var i fokus. 

I samband med at det berre er to veker til Årdalssenteret feirar eit år og julebordsesongen er like rundt hjørnet, tykte butikkane at ein festaften var på sin plass.

Det fyste som møtte gjestene var tapas og velkomstdrink, samt «goodiebags» med varer frå dei ulike butikkane.

Etter dette var det trendvisning i andreetasje. Her vart det vist fram siste mote innan sko, klede, hår og briller.

Vitus apotek og Frisørstova stilte òg opp med stand, der publikum kunne få svar på alt dei lurte på. 

Artikkelen held fram under biletet.

FINE PLAGG: Karoline Furebotn og Ida Jevnaker (bak) stilte opp som manekengar.
FINE PLAGG: Karoline Furebotn og Ida Jevnaker (bak) stilte opp som manekengar.

Leiar for Årdalssenteret, Yvonne Romøren, seier til Porten.no at eit av måla med festaften var å syne kor mykje fint ein kan finne i butikkane på Årdalssenteret, samstundes som ho vonar at det også bidrog til å inspirere litt. 

Butikkane var veldig nøgde med kvelden, og det verka som om dei påmeldte også var det. 

Romøren fortel at dei vonar å gjenta dette ved eit seinare høve, då dei tykte arrangementet var svært vellukka.

Til toppen