Motivasjonsmangel?

Motivasjonsmangel?

Vibeke tipsar om korleis du kjem deg over "dørstokkmila"

Me har alle periodar der det er ekstra vanskeleg å motivere seg sjølv til å gjennomføre treninga ein har planlagt. Dette er heilt normalt! Det seier seg sjølv at ein ikkje kan vere like motivert og gira dag ut og dag inn. Under finn du mine tips til korleis du kan overtale deg sjølv ut av sofaen på tunge dagar ☺

Tenk på målet ditt!
Det er veldig lurt å setje seg mål med treninga, og dersom du ikkje allereie har eit vil eg anbefale å finne eit. Det kan vere det same om målet er "sommarkroppen 2016", å gjennomføre 15 km på ei viss tid, klare 20 strake push-ups eller din fyrste pull-up - målet skal vere noko du må leggje inn innsats for å nå. Vegen dit kan du sjå på som ein motbakke der du heile vegen må presse deg for å bevege deg opp og fram. Enkelte parti vil vere slakke og lett å kome seg gjennom, men du vil også oppleve dei tyngre dagane der bakken vil kjennast ekstra bratt. Det er nettopp da du skal fokusere på målet ditt. Det ventar jo på deg der oppe, men du kjem deg ikkje dit ved ved å gi opp!
 
Kjensla etterpå
... Den beste kjensla i heile verda, omtrent. Endorfinene bruser, sjølvtillita er på topp og verda kjennast generelt mykje bedre enn da du for ein times tid sidan gikk heimefra. Tenk over denne kjensa, lagre den i minnet og hent den fram når treningsviljen ikkje er der. Det er jo så godt når det er unnagjort ☺
 
Du investerer i kroppen din
Me veit det alle saman, men argumentet er framleis så bra at eg likevel nevner det. Trening forebygger fleire livsstilsjukdommar, det forebygger overvekt og kroppen din JUBLAR når du får bevege deg litt. Så løft på dei vektene, ta den joggeturen, tren yoga eller gjer kva enn du måtte trivast med av trening - du får så utruleg mykje att for det.
 
Ny musikk!
Dette er eit av mine favoritt-tips. For tida høyrer eg på denne spelelista når eg trenar styrke og denne under cardio - du er veldig velkommen til å bruke dei! 
 
La deg inspirere
Fordi eg er ganske aktiv på instagram har eg opparbeida meg ein ganske god rutine på akkurat dette. Det er ikkje akkurat få gonger at eg har kome sliten heim etter ein lang dag med regnet piskande utanfor, og berre tanken på trening er slitsom. Men - eg har likevel tatt regnmarsjen bort på treningssenteret nettopp fordi eg har sett bilete av andre sprekisar som per sekund er i gang med dagens trening. Kvifor i all verda skal ikkje eg kunne vere som dei? Eg har jo alle forutsetnader til det!
 
Belønn deg sjølv med deilig ettertreningsmat
Ein deilig middagsrett, proteinpannekaker, frukost beståande av havregrøt og egg eller noko anna fristande... Unn deg noko ekstra godt, men berre dersom du gjennomfører dagens planlagte trening. Eg synes alltid at maten smakar ekstra godt etter trening!
 
Oppdater treningsgarderoben
... Heilt rett, dette er ei unnskyldning til å gå bananas på nettet eller i sportsbutikken. Kjøp treningsklede med freshe fargar og spreke mønster som osar av energi, og eg kan nesten garantere deg at du vil bli motivert til å vise dei fram på trening.
 
Lag treningsavtalar
Det er mykje lettare å bryte ein avtale ein har med seg sjølv enn å bryte ein avtale med ein venn, eit familiemedlem, ein gruppetimeinstruktør eller ein personleg trenar. I tillegg til at du forpliktar deg til å møte opp deg ovanfor den andre personen (til og med klokka 06.45 ein grytidleg mandags morgon), så vil du også kjenne på gleda ved det sosiale. Push kvarandre og ver kvarandre sine beste støttespelarar!

Eg håpar at du fekk nokon gode tips! ☺

 

Til toppen