MOTIVERT: Trenar Eirik Bakke trur at Sogndal har gode år i vente med ein talentfull tropp.
MOTIVERT: Trenar Eirik Bakke trur at Sogndal har gode år i vente med ein talentfull tropp. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Motivert Bakke blir i Sogndal

– Eg ser potensiale i denne gjengen.

Sogndal: Eirik Bakke (42) har signert ein ny toårs avtale som hovudtrenar for Sogndal Fotball, skriv klubben i ei pressemelding på eigne nettsider.

Den tidlegare landslagsspelaren og englandsproffen har trent gamleklubben sidan 2015.

– Me har ei gruppe med unge, svoltne spelarar no, eg ser potensiale i denne gjengen, og hadde veldig lyst til å vera med på vegen vidare, seier Bakke i pressemeldinga.

Til toppen