KJEKT MED TILLIT: Aleksander Øren Heen brenn for å gjere fylket meir attraktivt for unge. Foto: Arkiv
KJEKT MED TILLIT: Aleksander Øren Heen brenn for å gjere fylket meir attraktivt for unge. Foto: Arkiv

Motivert for fire nye år

Aleksander Øren Heen er valt inn som tredjekandidat på Sogn og Fjordane Senterparti sin fylkesliste.

Årdølenen vart valt inn på nominasjonsmøte for partiet på Leikanger fredag føremiddag. 

Stolt og motivert

– Kva tenkjer du om å vera tredjekandidat?

– Klart det er kjekt å få tillit frå partiet og frå eit samrøystes nominasjonsmøte. Eg er motivert for å gjere ein god jobb for Sogn og Fjordane i fire nye år, seier Heen. 

– Kva betyr plasseringa?

– Det er fylkestingsval neste år, og som nummer tre på lista kjem eg garantert med. Med ei høgare plassering på lista, er det aktuelt med eit høgare verv, som i fylkesutvalet, seier han.

Klare am​bisjonar

Øren fortel at Sogn og Fjordane Senterparti har som mål å vinne valet, ta attende fylkesordføraren og bli det største partiet i fylket på fylkestingsvalet. I tillegg har den unge politikaren som mål å gjere eit godt val i Årdal kommune. 

– Kva saker er viktige for deg?

– Politikk handler om så mykje meir enn ei sak. Eg brenn for å gjere Sogn og Fjordane meir attraktivt for unge, slik at dei vil busette seg og leva her. Då er det viktig å legge til rette for attraktive arbeidsplasser, slik at det blir godt å bu her, seier Heen.

 

Til toppen