ULUKKE: Ulukka skjedde ved Vestredalsvatnet på fjellovergangen mellom Hol og Aurland.
ULUKKE: Ulukka skjedde ved Vestredalsvatnet på fjellovergangen mellom Hol og Aurland. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

MC-førar skadd etter møte med autovernet

Luftambulansen er på staden, saman med dei andre naudetatane.

Sogn: Klokka 11:48 melde politiet at ein motorsykkel hadde velta på fjellovergangen mellom Aurland og Hol. Naudetatane og luftambulanse rykka ut til staden.

– Føraren er medviten, men han har fått ein god del skadar i møte med autovernet, seier vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.

Ifølgje statskanalen køyrde eit følgje på tre motorsyklar saman då ulukka skjedde.

Først melde politiet at ulukka hadde skjedd i Geiteryggtunnelen, dette vart seinare retta til ei bru ved Vestredalsvatnet.

Klokka 14:36 melder vegtrafikksentralen at vegen er open att.

Til toppen