ULUKKE: Ulukka skjedde i dei krappe svingane på fylkesveg 50 mellom Vassbygdi og Østerbø i Aurland kommune.
ULUKKE: Ulukka skjedde i dei krappe svingane på fylkesveg 50 mellom Vassbygdi og Østerbø i Aurland kommune. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Motorsykkelføraren slapp med brotskader etter nestenkollisjon med buss

Gjekk i asfalten då han måtte svinga unna bussen i hårnålssvingane ovanfor Vassbygdi.

Aurland: Klokka 10.44 melde politiet at naudetatene var på veg til ei trafikkulukke i ved Låvisberget i Aurland. Ein nederlandsk motorsykkel hadde velta og føraren pådrog seg brotskader då han måtte svinga unna ein tysk buss.

– Dei har køyrt i same retning, så har motorsykkelen på ein eller annan måte kome på blindsida av bussen. MC-føraren datt og vart skada då han vart tvinga til å gjera ein unnamanøver, seier Stein Rune Halleraker ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Politiet har oppretta sak og starta etterforsking, noko som er fast prosedyre når det er personskadar i trafikken.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen