Gulen: Ein motorsykkel har køyrt av vegen i Rutledal, melde Vest politidistrikt på Twitter i halv sju tida.
– Det er ein mann i 50-åra frå Bergen, seier operasjonleiar i Vest Politidistrikt Per Algrøy til Porten.no.
Føraren skal ha vore oppegåande etter ulukka, men hadde store smerter.
– Han vart køyrt til Nordhordland legevakt, og ikkje noko sjukehus. Så det er indikasjon på at det ikkje er svært alvorleg, seier Algrøy.
Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av ferjekaia. Det skal ha vore ei utforkøyring der ingen andre er involvert. Men grunna personskade vil dei sjå vidare på saka.
– Politiet har oppretta ei sak og vil etterforske vidare, seier han.
