ULUKKE: Motorsykkelføraren er frakta til Lærdal sjukehus etter velten i Fodnestunnelen.
ULUKKE: Motorsykkelføraren er frakta til Lærdal sjukehus etter velten i Fodnestunnelen. (Foto: Google Maps/skjermdump)

Motorsyklist velta i tunnel – frakta til sentralsjukehuset i Førde

MC-førar er medviten, men kraftig mørbanka, etter å ha velta og sklidd bortover vegbana i Fodnestunnelen.

Lærdal: Klokka 12.55 melde politiet at naudetatane var på veg til ein motorsykkelvelt i Fodnestunnelen i Lærdal. Tunnelen vart stengd ei stund etter ulukka.

Føraren var medviten, men kraftig mørbanka etter møtet med asfalten. Ifølgje politiet har motorsykkelen velta og føraren har sklidd bortover vegbana.

Politiet opplyste først at motorsykkelføraren vart frakta til sjukehus i Lærdal, noko som viste seg å ikkje å stemma. Ein time etter ulukka skreiv Helse Førde på Twitter at pasienten var transportert i ambulanse til Førde sentralsjukehus. 

 

Klokka 13.56 var det framleis manuell dirigering etter trafikkulukka.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen