ULUKKE: Ulukke på Årdalstangen.
ULUKKE: Ulukke på Årdalstangen. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Motorsyklist sendt til sjukehus etter ulukke på Årdalstangen

Ulukke på Årdalstangen.

Årdal: Måndag kveld tipsa ein Porten-lesar om ei MC-ulukke på Årdalstangen. 

– Motorsykkelen låg i elva, og det var full utrykning med politi, ambulanse og brannbil, seier tipsaren.

Ulukka er ei singelulukke. 

– Ein motorsykkel køyrde av vegen og sykkelen hamna delvis ut i elva ved Jernbanebrui. Føraren vart frakta med luftambulanse til sjukehus, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt til Sogn Avis.

Politiet i Årdal ville ikkje kommentere saka då Porten ringte.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no

Til toppen