Riksveg 7 over Hardangervidda (biletet) er samfunnsøkonomisk eit mykje meir lønnsamt hovudvegalternativ mellom aust og vest enn riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, konkluderer ein ny rapport. Foto: Flickr/larsjuh. 
Riksveg 7 over Hardangervidda (biletet) er samfunnsøkonomisk eit mykje meir lønnsamt hovudvegalternativ mellom aust og vest enn riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, konkluderer ein ny rapport. Foto: Flickr/larsjuh.  (Foto: Flickr/larsjuh)

Motrapport går for Hardangervidda

Ein ny næringslivsfinansiert rapport går inn for riksveg 7 over Hardangervidda som eit betre stamvegalternativ mellom Gol og Voss enn riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, skriv Bergens Tidende.

Lærdal: Det er det motsette av det Statens vegvesen tilrådde førre veke. Vegvesenet tilrår riksveg 52 som det beste alternativet for ein nordleg hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet, slik dei òg gjorde i den førre utgreiingsrunden i fjor.

Frå før er det bestemt at E134 over Haukelifjell skal vere den sørlege hovudfartsåra.

Hordalandsdiagonalen

Den nye rapporten er laga av Sivilingeniør Helge Hopen AS på oppdrag for ei rad næringsverksemder og bedrifter i Oslo, Bergen, Hallingdal og Hardanger. Etter Hopens analyse løyser ikkje riksveg 52 transportbehovet mellom Oslo og Bergen like godt som riksveg 7.

– Riksveg 7-alternativet er den mest samfunnsøkonomisk lønnsame utbyggingsstrategien og blir tilrådd som hovudveg aust-vest saman med E134, konkluderer rapporten.

Den viktigaste innvendinga mot tilrådinga frå Vegvesenet er opninga for i tillegg til riksveg 52 å byggje ut ein såkalla hordalandsdiagonal, ein snarvegarm på E134 mellom Odda og Bergen, som vil korte reisetida mellom Oslo og Bergen kraftig og stele ein stor del av trafikken frå Hallingdal.

– Dyr dobbelsatsing

Helge Hopen seier til Bergens Tidende at han er overraska over at Vegvesenet framleis håper på både riksveg 52 og ein hordalandsdiagonal.

– Det er uforståeleg at ein kan byggje ein ny hovudveg til 20 milliardar og så bruke 20 milliardar på ein annan veg som skal ha same funksjonen. Eg kan ikkje sjå at samfunnet har råd til det, seier Hopen.

– Det er som å byggje Hordfast frå Stord til Bergen via Fusa for deretter å byggje ei ny bru over Bjørnafjorden, seier han.

Hopen meiner ei utbygging av E134 og riksveg 7 vil gi ei permanent, effektiv løysing for sambandet mellom dei to største byområda. Da blir det heller ikkje behov for ein hordalandsdiagonal.

Den endelege avgjerda om kor den nordlege aust-vest-vegen skal gå, er det Stortinget som skal ta i samband med behandlinga av den nasjonale transportplanen for 2018– 2029 i juni neste år. (©NPK)

Til toppen