SNUDDE: Årdal kommune snudde, og vedtok torsdag å gje omsorgstenesta 300.000kr etter eit sparingsforsøk gjekk skeis.
SNUDDE: Årdal kommune snudde, og vedtok torsdag å gje omsorgstenesta 300.000kr etter eit sparingsforsøk gjekk skeis. (Foto: Arkiv / Sunniva Knutsen)

Mottakarar av omsorgsstønad mista 24-60% av stønaden i januar, no snur kommunen

I januar starta Årdal kommune prosessen som skulle spare 1.5 millionar kroner. Eit resultat av dette var at foreldre med born med nedsett funksjon fekk redusert støtte, der dei i verste fall kunne mista si hovud-inntekt.

Årdal: Under kommunestyremøtet torsdag, vart det vedteke at omsorgstenesta skal få 300.000 kroner i støtte, etter eit mislukka forsøk på å spara pengar førte til store konsekvensar for familiar med ungar med nedsett funksjonsevne.

I haust vedtok Årdal kommune i ein økonomi- og handlingsplan, som skal gjelde frå 2018 til og med 2021, at dei utifrå bu- og miljøtenesta skulle spara 1.5 millionar kroner. Frå omsorgsstønad-tenesta skulle dei spare 30.000 kroner.

Siv Asperheim
STORE KONSEKVENSAR: Siv Aspeseter, talar for å gjenopprette stønaden til familiar med ulike behov. Foto:  Sunniva Knutsen

– Eitt av forslaga for innsparing var å redusera nivået av omsorgsstønad til maksimalt 10 timar per veke. Dette skulle ha ein innsparingseffekt på 30.000 kroner, seier Siv Aspeseter, vernepleiar i Årdal kommune og politisk representant for Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Men med ein reduksjon på 24-60 prosent vart det snakk om mykje meir enn 30.000 kroner, ifølgje Aspeseter. 

Vidare seier ho at kommunen har ikkje kome fram til det rette talet på innsparinga. Under møtet kom Hilmar Høl, leiar av Arbeiderpartiet, med forslaget om å disponere 300.000 kroner til omsorgstenesta, som vart vedteke. 

Aspeseter: – Hadde ikkje forventa store konsekvensar

I slutten av januar i år fekk familiar som i ulik grad mottek omsorgsstønad frå kommunen, eit brev i posten kor det stod at det ville skje ein reduksjon, som for nokon låg på alt i frå 24-60 prosent. 

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, fekk mange henvendingar frå fleire fortvila familiar som var avhengige av stønaden for å kunne klare seg. 

Tiltaket om reduksjon av omsorgsstønaden, verka i haust  "litan", ifølgje Aspeseter: – Me trudde ikkje at det kom til å få så store konsekvensar for dei det gjaldt.

– Me hadde ein gjennomgang av handlingsplanen i haust, og heilt ærleg så var det ein del av dei andre tiltaka som me hadde ein større fokus på; som hadde større innsparingseffekt, seier Aspeseter.

– Mottakarane har mista mykje

 Dag Audun Strand er leiar i Rådet for menneske med nedsett funksjonsemne. Han er glad for at tenesta mottek 300.000 kroner, men er endå uroa: 

–Det er ei gledes sak at me har fått dei pengane. Eg veit berre ikkje om det er nok. Me har ikkje fått noko informasjon om kor mykje penger kommunen eigentleg har spart, seier han. 

Han fortel at mange av mottakarane av stønaden har mista mykje sidan reduksjonen tok tak for seks månader sidan: – Nokre er heilt avhengige av stønaden, som er deira einaste levebrød, seier han. 

– Mottakarane består i stor grad av familiar, kor foreldra gjerne har ein fulltidsjobb berre med å ta vare på ungane sine. Dei gjer ein heilt fantastisk jobb.

– Det desse foreldra gjer kan ikkje samanliknast med det foreldra til funksjonsfriske foreldre gjer. Dei passar vel gjerne på at ungane får i seg mat, søv nok og går på skule, seier Strand. 

Til toppen