– TRIST: Leiaren for Årdal Mottakssenter, Anne Margrete Hatlelid, tykkjer det er trist at asylmottaket vert lagt ned. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
– TRIST: Leiaren for Årdal Mottakssenter, Anne Margrete Hatlelid, tykkjer det er trist at asylmottaket vert lagt ned. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Mottaksleiaren: – Det er berre trist

Leiar ved Årdal mottakssenter, Anne Margrete Hatlelid, hadde ikkje trudd at asylmottaket skulle bli berørt av dei store nedleggingane som pågår over heile landet. 

Årdal: Tysdag blei det klart at UDI skal ta ned talet på mottaksplassar med 3800 over heile landet. Eit av mottaka som vert berørt er asylmottaket i Årdal, som no vert lagt ned.

Årsakene er at talet på asylsøkjarar har gått kraftig ned og at kommunane har vore flinke til å busetja flyktningar. I Årdal er det Hero som driftar mottaket, dei sju tilsette her mistar jobben.

– Det er jo føresetnaden for jobben vår. Me har jo på mange måtar visst at me kunne bli berørt slik som andre mottak, og me har fulgt nøye med på asylstraumen. Men me hadde trudd at vårt mottak, som har mykje erfaring og kompetanse, og som har fått mykje skryt og er rimelege i drift, ville få drive gjennom denne nedleggingsperioden. Slik blei det ikkje, seier Hatlelid til Porten.no. 

Les også: Årdal mottakssenter vert lagt ned

– Trist

– Det er berre trist. Det er mange berørte, tilsette på mottaket, tilsette i kommunen og utleigarar, legg ho til. 

Mottaksleiaren fekk beskjeden frå UDI måndag ettermiddag. Dei tilsette i Hero er informert, og det vert no jobba med å informere bebuarane. 

– Me skal ha eit bebuarrådsmøte i dag. Der skulle me planleggja korleis me skal få betre drift på cafeen vår mellom anna, men no kjem møtet til å dreia seg om heilt andre ting.

OVERRASKA: Ordføraren i Årdal er overraska over nedlegginga. Arkiv
OVERRASKA: Ordføraren i Årdal er overraska over nedlegginga. Arkiv

Ordføraren er overraska

Ordførar i kommunen, Arild Ingar Lægreid, er overraska over beslutninga frå UDI.

– Me har vore klar over at det på eit eller anna tidspunkt ville bli avvikla. Mange mottak var nedlagt for ein månad sidan, men at det kom ein runde så raskt, var litt overraskande, seier han. 

– Dette vil ha direkte konsekvensar for tilsette i kommunen på vaksenopplæringa og helse, og ikkje minst økonomisk, reknar eg med.

Konsekvensar for kommunen

Også dei tilsette i kommunen vart informert om saka tysdag. Kommunalsjef for helse og omsorg, Rigmor Svanberg, veit ikkje førebels kva konsekvensar dette vil ha for dei tilsette.

KONSEKVENSAR: Rigmor Svanberg trur dette vil få konsekvensar for kommunen. Arkiv
KONSEKVENSAR: Rigmor Svanberg trur dette vil få konsekvensar for kommunen. Arkiv

– Men eg kan sjå føre meg at nokon kan bli overtallige. Då er det eit system som seier at viss det finst andre stillingar i kommunen dei er kvalifisert til, så skal dei få dei. Men eg vil ikkje snakka om arbeidsledige, heller overtallige i ein periode. 

Oppseiingstida på mottaket i Årdal er på tre månader. Det vil seia at innan årsskiftet skal bebuarane vera flytta til andre mottak. Totalt er det snakk om 123 personar etter at talet på plassar vart redusert frå 210 i sommar. 

Takkar årdølene

Det var stor skepsis, slik det alltid er i slike saker, då mottaket vart etablert i 2013. Situasjonen vart ikkje betre då ein av bebuarane drap tre menneske med kniv på Valdresekspressen i det som vert omtalt som trippeldrap-saka. Dette er ei sak ordføraren tenkjer på kvar gong han snakkar om asylmottaket, fortel han.

– Det var ein skepsis når det kom, og slik er det alltid. Me hadde ei tragisk hending i starten, og kvar gong eg snakkar om asylmottaket, tenkjer eg på den hendinga og dei pårørande som sit att med desse tapa, og at det er ei tung sak å bera særleg for dei, seier han.

Men trass den tragiske hendingar, har lokalsamfunnet tatt imot asylsøkjarane med opne armar. Det er mottaksleiaren svært takksam for.

– På grunn av den hendingar kom me som jobbar her nærare kvarandre, og det vart gjort ein veldig innsats for at det skulle gå bra. Eg føler årdølene har vore heilt fenomenale. Måten dei har tatt imot asylsøkjarane på, trass det me har vore gjennom, må me bukka og seia tusen takk for. 

Til toppen