Protesterte:  Ei gruppe studentar synte kva dei meinte om fusjon i framkant av styremøtet ved HiSF i dag. Studentparlamentsleiar ved HiSF, Ingrid Moe Albrigtsen i kvit skjorte midt i biletet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Møtte HiSF-styret med protestplakatar

Ei gruppe studentar synte kva dei meinte når fusjonsspørsmålet skal avgjerast i dag

Sogndal: "87% stemte nei, lytt til oss"

"Nei til fusjon. Vi vil ikke: - miste selvstyre, - bli universitet"

"#Konkurranse. Fordel å skille seg ut"

Det var nokre av bodskapane studentane hadde til høgskulestyret. Gruppa stod utanfor møterommet då styremedlemmane kom til dagens styremøte, som altså skal vedta om HiSF fusjonerer med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Deretter gjekk studentane inn og sette seg for å oververa møtet.

– Den kanskje viktigaste saka for HiSF noko sine

Styreleiar Trond Ueland innleia møtet slik:

– Den kanskje viktigaste saka for Høgskulen i Sogn og Fjordane noko sinne, ein veldig viktig dag for Sogn og Fjordane og heile vestlandet.

Vidare føreslo han at fusjonssaka kjem etter lunsj, utan at nokon hadde noko å seia på det. Lunsj er klokka 12, så kor vidt det blir fusjon eller ikkje blir avklart tidleg i ettermiddag.

Til toppen