Årdal: Saman med delegasjonen frå Vestland Arbeidarparti var fylkesordføraren i Hordaland i møte med prosessindustrien for å få innspel til arbeidet med å forma det nye partiprogrammet.
– Det er viktig å møta næringslivet når me no skal byggja eit offensivt program mot neste val, seier Hestetun.
Fekk innspel frå industrien
Blant dei ho snakka med var Are Indrelid frå Hydro, og Steinar i Norsun frå Norsun
– Dei hadde mange innspel når det gjeld rammebetingelsar for industrien generelt, og understreka kor viktig det er at ungdom og arbeidstakarar får opplæring som gjer dei relevante for næringslivet i framtida. Alt dette samlar me opp og tek med oss, seier Hestetun.
I Årdal har det vore uro for at den vidaregåande skulen skal forsvinna. Då andreåret på kjemiprosess-linja ikkje vart starta opp att i haust vart det tolka som eit skremmeskot.
– Me er uroa for den framtidige rekrutteringa, sa Geir Nordnes, personalsjef ved metallverket til Hydro i Årdal, den gongen.
Hestetun understrekar at det framleis er fylkeskommunen i Sogn og Fjordane som har ansvar for den vidaregåande skulen i Årdal. Men ho meiner fleire må ta ansvar for å løfta fram skulen.
– Prosessindustrien er voldsomt tydeleg på deira behov, og at dei faktisk har lærlingplassar her. Eg trur det er viktig å kommunisera ut i heile nedslagsfeltet, ikkje berre internt i Årdal, kor gode utdanningstilbod, kor gode lærlingeplassar og kor mange faste jobbar som er i denne kommunen, seier Hestetun.
Har trua på nye Vestland
Hestetun har vore ein forkjempar for samanslåinga mellom dei to fylka, og skulle gjerne ha sett at Rogaland òg vart med på laget.
– Det nyttar ikkje å tru at alt blir som før berre me held på dei gamle fylka. Det blir det ikkje. Me lever i ei tid med stor utvikling, og den må me følga med i.
Midt under årdalsbesøket vart det endeleg stadfesta at det vert fleirtal for den nye fylkesstrukturen.
Det trur Hestetun vil gje eit løft til dei to Vestlandsfylka, ikkje minst til næringslivet.
– Eg er ikkje i tvil om det er positivt for utviklinga av vårt nye storfylke å ha tenester og arbeidsplassar nærare innbyggjarane. Eg har tru på at me skal få enno fleire verkemiddel lokalt til å vidareutvikla næringslivet. Det er mitt håp, seier ho.