VEKAS FOTO: Mikkel Rev på rusletur langs Eidsvatnet.
VEKAS FOTO: Mikkel Rev på rusletur langs Eidsvatnet. (Foto: Tor Håkon Kilen)

VEKAS FOTO

Møtte Mikkel Rev på rusletur langs Eidsvatnet

Vekas foto er teke av Tor Håkon Kilen frå Fortun.

Luster: Han har som regel med seg kamera i bilen, og det kom godt med då denne reven tusla langs Eidsvatnet på Skjolden.

– Ein veit aldri når ein kjem over eit bra motiv å ta bilete av, seier Tor Håkon Kilen (28).

Tek bilete av natur og dyr 

Han bur på Berje over Fortun, i ei hytte som høyrer til garden der. Interessa for fotografering har vokse dei siste to åra.

– Eg tek som regel bilete av natur, dyr, og helikopter som er omkransa av fin natur. 

Interessa for å ta bilete av helikopter kom etter at han jobba som lastemann hjå Airlift i fjor.

– Det håpar eg at eg får fortsetta med i framtida. 

Utanom det er han utdanna tømrar. 

– Eg jobbar for tida i Recover Nordic som skadesanerar. Jobben går ut på å sanera og bygga opp att etter brann, vasslekasje, miljø- og industriskadar. 

Ein uredd Mikkel Rev på rusletur 

Det var medan Kilen var på veg heim frå jobb at han såg Mikkel Rev kryssa vegen ved Lingabrui langs Eidsvatnet.

– Då var det berre å stoppa på nærmaste utkøyrsla, og deretter snika seg ut av bilen for ikkje å skremma reven. 

Deretter plystra han slik at reven vende merksemda si mot han. 

– Den verka eigentleg ikkje så veldig redd. Han stod i nokre minutt og såg på meg, før han stakk til skogs, avsluttar Kilen. 

Til toppen