KULTURPRIS: Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og Dans Uten Grenser er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.​Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
KULTURPRIS: Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og Dans Uten Grenser er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.​Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Mottok kulturprisen til danseglade ungdommar

Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og Dans Uten Grenser er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.

Leikanger: Dans Uten Grenser har tiårsjubileum i Sogn og Fjordane i år, og på desse åra har fleire tusen born og unge vore innom danseverkstadane. Til saman har 890 ungdomar gjennomført opplæring som instruktørar.

– Det er godt å bli anerkjent av sine eigne, og eg deler denne prisen med utruleg mange ungdomar, sa Ove Henning Solheim i takketalen sin.

– Ungdomane i Dans Uten Grenser har sjølve skapt mottoet «Ein plass for alle», som dei lever opp til ved å invitere alle inn som deltakarar og elevar. Alle skal kunne vera med å danse, slo nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob André Sandal, fast i talen til prisvinnarane.

– Gje ungdom tillit

Ove Henning Solheim la grunnlaget for danseverkstadmodellen, som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser, då han jobba som fritidsleiar i Rygge kommune.

Han vidareførte arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003, og danseverkstadane vart etter kvart knytt til folkehelsearbeidet til fylkeskommunen. Frå 2006 har det blitt etablert danseverkstadar for born og unge mellom ti og 19 år i 13 kommunar i fylket.

Ungdomane får opplæring i korleis undervise i dans, men også i korleis ein går fram for å starte og drive ein danseverkstad.

– Gje ungdom tillit. Gje dei moglegheiter. Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive og  omsorgsfulle i lokalsamfunna sine, og det vil blomstre rundt dei, seier Ove Henning Solheim, som tysdag 6. desember tok imot prisen på 50 000 kroner frå fylkesordførar Jenny Følling.

Til toppen