Ingunn Kjelstad er leiar for Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.
Ingunn Kjelstad er leiar for Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. (Foto: Privat)

MEININGAR

Motvind til ordførarane: — Ny taktikk for vindkraft

“Vindkraftutbygginga til no har vist at det er lett å verte lurt av falske lovnader. Vi har tillit til at ordførarane vektlegg at avgjerder vert tatt i rett rekkjefølgje, og at både dei og vi som bur her i distrikta ikkje opplever å sitje att med ei kjensle av å ha blitt lurt. Igjen”, skriv Einar Rysjedal og Ingunn Kjelstad

Meiningar:
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her.


Selskapa Equinor, Hydro og Panasonic har no invitert alle landets kommunar til å melde inn aktuelle lokasjonar for etablering av batterifabrikk. Mange kommunar arbeider difor med å gjere seg attraktive for å få batterifabrikk etablert innanfor sine  kommunegrenser. Dette forstår vi godt, utifrå at vi treng fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane for å halde oppe folketalet og for å ha jobbar til unge som skal ut i arbeidslivet.

Batterifabrikken som dei multinasjonale selskapa skisserer i sin invitasjon, er svært kraftkrevjande. Etableringa av fabrikken kan difor bety auka press for kraftutbygging, og då særskilt utbygging av vindkraft. I Mo i Rana var det motsett. Der vart det vifta eller lokka med batterifabrikk dersom vindkraftselskapet Freyr fekk byggje ut vindkraft. Er vi no vitne til same politikken, men med endra taktikk? 

Auka press på utbygging av vindkraft kan bli resultatet

Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal

Dei fleste kommunar som no jobbar med å ha attraktivt areal og infrastruktur for batterifabrikk, har samstundes stilt seg avisande til vindkraft i sine kommunar. Ordføraren i Kinn, Ola Teigen, ser ut til å ha blitt lokka utpå. I eit intervju med Firdaposten 15. januar 2021, vil han ta i bruk kraftoverskotet i Sogn og Fjordane for ein batterifabrikk. Eit overskot som i dag i m.a. vert eksportert til Austlandet. Trur han verkeleg at manglande kraftoverføring til Austlandet vil verte erstatta med vindkraftutbygging i Holmenkollåsen eller i Nordmarka? Eller vil presset på utbygging i fjella våre auke?

Einar Rysjedal i Raudt Høyanger er medforfattar i innlegget. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

I neste intervju, med E24 18. januar 2021, seier han følgjande: “Eg trur også dette vil kunne bidra til å endre folks haldning til lokal kraftutbygging. Det er stor motstand mot vindkraft både her og i nabokommunen Bremanger. Men skapast det lokale arbeidsplassar basert på den krafta, så er det et godt argument”. Med dette stadfestar han nettopp at auka press på utbygging av vindkraft kan bli resultatet.

Er ordførarane våre no villige til å byte bort dei store verdiane som ligg i natur, miljø, friluftsliv og allemannsrett, og endre haldninga dei har til vindkraftutbygging i fjella våre?  Vil dei på denne måten risikere å setje strek over eigne kommunale vedtak — som tydeleg tilseier at ein ikkje vil ha utbygging av vindkraft i urørt natur eller på kostnad av viktige verdiar.

Vindkraftutbygginga til no har vist at det er lett å verte lurt av falske lovnader. Vi har tillit til at ordførarane vektlegg at avgjerder vert tatt i rett rekkjefølgje, og at både dei og vi som bur her i distrikta ikkje opplever å sitje att med ei kjensle av å ha blitt lurt. Igjen.

Til toppen