NEDGANG: Trass auke i produksjon gjekk driftsresultatet ned for Mowi AS i tredje kvartal. Verksemda ventar å halde fram veksten i volum neste år.
NEDGANG: Trass auke i produksjon gjekk driftsresultatet ned for Mowi AS i tredje kvartal. Verksemda ventar å halde fram veksten i volum neste år. (Foto: Brage Grimelid Oppedal)

Mowi fekk rekordhøg omsetning, men lågare resultat

Store volum gjorde at Mowi AS fekk rekordhøg omsetning i tredje kvartal, men lakseprisane og driftskostnader påverka resultatet negativt.

Oslo: Oppdrettsverksemda Mowi AS har aldri hatt høgare volum innanfor oppdrett, sal eller forproduksjon. Det gav den høgaste omsetningen i eit tredje kvartal verksemda har hatt nokon sinne, skriv Sysla

Selskapet hadde ein omsetning på 1, 02 milliardar euro i tredje kvartal i år. Dette er opp frå 990 millionar euro i same periode i fjor. 

Likevel gjekk det operasjonelle driftsresultatet ned, frå 207 millionar euro i tredje kvartal i fjor til 148 millionar euro på same tid i år. 

Årsaka til nedgangen i resultatet er ifølgje Mowi lågare prisar og høgare oppdrettskostnader på grunn av biologiske utfordringar. Eksportprisen for norsk laks var 12,8 prosent lågare i tredje kvartal i år samanlikna med i fjor. Prisane i Chile fall også kring seks prosent. 

Verksemda slakta totalt 116 989 tonn laks i tredje kvartal, mot 109 896 tonn i same periode i fjor. Leiinga i Mowi ønskjer å få eit endå høgare slaktevolum neste år. Den ventar å auke veksten frå 430 000 tonn slakta laks i år til 450 000 tonn neste år. 

Les òg: Alternativt fôr kan hjelpe mot lakselus

Til toppen