INDUSTRIBESØK: Bjørnar Moxnes fikk både omvisning på NorSun og Hydro då han besøkte Årdal tidlegare i veka.
INDUSTRIBESØK: Bjørnar Moxnes fikk både omvisning på NorSun og Hydro då han besøkte Årdal tidlegare i veka. (Foto: Raudt)

Moxnes starta valkampen i Årdal

Årdal har både industri og miljøvenleg kraftproduksjon. Difor meiner Raud-leiar Bjørnar Moxnes at Årdal er heilt riktig stad å starta valkampen.

Årdal: Valkampen er i gong, og den neste månaden vil både sentrale og lokale politikarar vera å sjå på stand og på valkamparrangement over heile landet. På fredag starta Raudt-leiar Bjørnar Moxnes sin valkamp med ein «turné» hos årdalindustrien.

FØRSTE: Raudt Årdal blei oppretta i fjor haust. No er dei klare for valkamp. Foto: Raudt

– Ja, no har eg fått ein god runde. Me byrja på Norsun og Hydro og no står me her på stand og visar fram vår lokale kandidat, Stephan, seier Moxnes til Porten fredag.

– Kvifor vel du å starta valkampen her i Årdal?

– Raudt engasjerer seg i framtida til norsk industri og Noreg. Me treng fleire bein å stå på etter olja. Her i Årdal er det ein industriproduksjon i verdensklasse. Det er aluminiumsproduksjonen på Hydro og solcelleproduksjon på Norsun, forklarar partileiaren.

Han trekk óg fram produksjonen av miljøvenleg energi.

– KJEKT: Den lokale kandidaten, Stephan Øren tykkjer det er både kjekt og overraskande at partileiar Bjørnar Moxnes, valde å starta valkampen i Årdal. Foto: Raudt

– Me tykkjer det er viktig å trappa opp miljøvenleg energiproduksjon som vass- og solkraft. Så på den måten er Årdal riktig stad å starte valkampen, seier Moxnes.

Nyoppretta parti

Raudt Årdal blei oppretta i fjor haust, så årets val er det første kor Raudt stiller til kommuneval i industribygda. Raudt Årdals førstekandidat, Stephan Øren, synes det var både kjekt og overraskande at partileiaren valgte å starta valkampen i heimkommune hans.

– Fredagen var ein veldig kjekk dag. Det var gøy å sjå NorSun og Hydro og kva planar dei har for framtida. Raudt satsar på industri og har vore i Høyanger og Odda ei stund. No var det tide for eit parti til venstre for Arbeidarpartiet her óg, seier Øren.

Sjølv har årdølen jobba for både Hydro og NorSun. No arbeidar han i Hydro energi. Han kan fortelja at det nyoppretta partiet har fått mange positive tilbakemeldingar.

– Det er mange som heiar på oss. Me får gjera det godt i valkampen i august og forklara kva me vil gjera for bygdi, seier Øren.

Til toppen