200 000: Indre Sogn Sparebank gir 200 000 kroner til MR-maskina i Lærdal. Fungerande banksjef Kari Vikane til venstre saman med to av dei tilsette Guro Nyland og Sander Øvstetun. Foto: Indre Sogn Sparebank
200 000: Indre Sogn Sparebank gir 200 000 kroner til MR-maskina i Lærdal. Fungerande banksjef Kari Vikane til venstre saman med to av dei tilsette Guro Nyland og Sander Øvstetun. Foto: Indre Sogn Sparebank

MR-bidag frå bankar og Røde Kors

Indre Sogn Sparebank og Luster Sparebank med store bidrag - i tillegg har Røde Kors Aurland hyvd seg på dugnaden. Leiaren for Prosjekt MR er overvelda over givargleda som har vore.

Årdal/Lærdal/Sogndal/Aurland: – Indre Sogn Sparebank har vedteke å gi 200.000 kroner til innsamlingsaksjonen for å få på plass ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Denne investeringa er viktig for å styrkja sjukehuset vårt, og som den største finansielle aktøren i Indre Sogn ynskjer banken å bidra, seier Kari Vikane, fungerande banksjef i Indre Sogn Sparebank.

I tillegg har Luster Sparbank gitt 100 000 kroner denne veka - dette skreiv Sogn Avis torsdag. Røde Kors Aurland bidreg også, opplyser Steinar Grønsberg:

– Røde Kors Aurland har denne veka gitt 15.000 i gåve MR-maskin Lærdal sjukehus. Me oppmodar andre lag og organisasjonar i Aurland til å gje ei gåve til same formål.

Les også: Fekk inn 66 000 kroner til MR

Les også: 100 000 kroner til MR frå skyttarar og fjellstyre

Ein halv million står att

Fredag står det att ein halv million kroner for at finansieringa skal vera i boks. Det betyr at godt og vel 2,5 millionar kroner har kome inn på knappe fire veker. Rolf Jerving, prosjektleiar for MR i Lærdal, er overvelda:

– Det er fantastisk at me har fått så stor oppslutnad – og det frå alle kommunar i Sogn. Dette vitnar også om at Lærdal sjukehus, og arbeidet med å få på plass MR-maskin, er svært viktig for mange.

– No må vel dette gå i boks?

– No reknar me med at me får dette til. Planen var å ha finansieringa på plass før årsskiftet, men det ser ut til at det går i orden lenge før.

– Region med menneske som bryr seg

Vikane i Indre Sogn Sparebank fortel at dei også har lata seg inspirera av engasjementet:

– Det viser at me bur i ein region med menneske som bryr seg, og då ynskjer banken å vera med og ta sin del av samfunnsansvaret slik at innbyggjarane får god og rask behandling med kort reisetid. Då har dei sjanse om å få gode resultat av behandlinga. Likeeins ved ulukker der bruk av godt undersøkingsutstyr kan gi pasientar raske svar, og rett behandling på rett stad. 

Til toppen