Gåvmilde: Øvre Årdal Janitsjarkorps gir 5000 kroner til MR i Lærdal, det same gjeld ÅJFF: Lærdal Bondelag gir 20 000 kroner. Arkivfoto
Gåvmilde: Øvre Årdal Janitsjarkorps gir 5000 kroner til MR i Lærdal, det same gjeld ÅJFF: Lærdal Bondelag gir 20 000 kroner. Arkivfoto

MR-bidrag frå jegerar, fiskarar, bønder og musikantar

Kronerullinga for MR-maskina held fram.

Årdal/Lærdal: – Det er sjølvsagt behov for ei slik maskin ettersom ein må stå lenge i kø for MR-underøkijing, seier leiar i Lærdal Bondelag, Steinar Starheimseter.

ÅJFF og Øvre Årdal janitsjarkorps

Styret i det lokale bondelaget vedtok tysdag å gje 20 000 kroner til dugnaden for å få MR-maskin på Lærdal sjukehus.

– Det er eit godt tiltak som kjem alle til gode, anten ein er bonde eller ikkje.

To andre lag som vil bidra er Øvre Årdal Janitsjarkorps og Årdal Jeger- og Fiskerforening (ÅJFF). Dei gir 5000 kroner kvar, og nemner at dei er inspirerte av Farnes Ungdomslag sitt bidrag som Porten omtalte tidlegare i veka:

– Årdal Jeger og Fikskerforening synes initiativet til Farnes Ungdomslag om å gi til MR-maskina i Lærdal var eit godt tiltak. ÅJFF heng seg på og gir kr 5000 kroner, ti kroner per medlem. Her er det berre å henge seg på, dette går til ei god sak, seier Vidar Moen i ÅJFF. 

Kronerullinga byrjar verkeleg å ta form av ein stor dugnad – overskot frå altså alt frå teaterframsyningar til basarar og loddsal har funne vegen til kontoen for innsamlinga. Og no har både musikantar, bønder og veidemenn hyvd seg på.

– Det er ikkje om og gjera å sylta det ned når ein har litt pengar. Me skal ikkje ha noko overskot å snakka om, så me gir til gode føremål når me har høve, seier Starheimseter i Lærdal Bondelag.

Til toppen