TIDLEGARE: Arild Ingar Lægreid og ordførarkollegaene i Sogn vil ha på plass MR-maskina ved Lærdal sjukehus tidlegare enn september 2018. Foto: Truls Grane Sylvarnes/KasugaHuang.
TIDLEGARE: Arild Ingar Lægreid og ordførarkollegaene i Sogn vil ha på plass MR-maskina ved Lærdal sjukehus tidlegare enn september 2018. Foto: Truls Grane Sylvarnes/KasugaHuang.

– MR-maskina kjem på plass i september neste år

Men det er ikkje godt nok, meiner ordførarane i Sogn, som har sendt brev til Helse Førde og bedt om møte.

Lærdal: I fjor sommar vart det gjort ein formidabel i heile Sogn, der alt frå kommunar, lag og organisasjonar, bankar, verksemder og privatpersonar bidrog med pengar for å sikre at Lærdal sjukehus skulle få ei MR-maskin.

Men maskina har late vente på seg sidan Lærdal Næringsutvikling AS og Helse Førde i august i fjor kunne melde at målet om 10 millionar kroner var nådd. Etter planen skal maskina vere på plass i september 2018. Det er for lenge til, meiner ordførarar i Sogn.

– Det er gjort ein stor innsats med å samla inn pengar, og difor ønskjer me å få maskina på plass så fort som mogleg, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, som sit i helsegruppa i Sogn regionråd.

Lyser ut arbeidet etter sommaren

I utgangspunktet bad regionrådet om eit møte med Helse Førde i løpet av juni. No er det utsett til tidlegast midten av august, fortel han.

Arild Fålun i Helse Førde, fortel at arbeidet no vert prosjektert, og at den jobben iallfall vil vere ferdig før ferien er over. 

– Deretter blir dette arbeidet, som gjeld grunnarbeid, bygg og infrastruktur, lyst ut i løpet av august. Samstundes ligg opsjonen på ei MR-maskin der. Den går me til innkjøp av når me har ein meir detaljert framdriftsplan. Årsaka til det er at maskina veg så mykje at eg vil ikkje ha ho før bygget er klart, forklarar han.

Maskina skal stå i eit tilbygg

Sjølve maskina skal plasserast på vestsida av sjukehuset i eit eige tilbygg som dermed blir tilknytta eksisterande røntgenavdeling. 

– Det har dukka opp spørsmål om kvifor maskina skal vere ute og ikkje inne i sjukehuset og så vidare, men det er det bygningsmessige forhold som gjer. Golvet toler ikkje tynga rett og slett. Maskina veg fleire tonn, og då må ein gjera store tilpassingar. Difor valte me denne løysinga som er den enklaste og raskaste. 

– Kunne me ha putta det inn i sjukehuset, ville me ha gjort det, legg han til. 

– Viktig for innbyggjarane i regionen

Går alt som planlagt, vil maskina vere på plass i september, men Midtbø seier ting alltid kan dukke opp som forsinkar planane.

For ordføraren i Årdal og resten av innbyggjarane i Sogn, er det viktig å få maskina på plass.

– Maskina er viktig for innbyggjarane i regionen. Dei vil då få kortare veg til undersøking, og dessutan skapar det aktivitet på lokalsjukehuset, som er ei viktig sak for oss, seier Lægreid. 

Til toppen