STJERNEMØTE: Tiago Mendes (til høgre) har gode merittar å vise til, men det er enno eit stykke opp til Emil Meek sin stjernestatus. Foto: privat.
STJERNEMØTE: Tiago Mendes (til høgre) har gode merittar å vise til, men det er enno eit stykke opp til Emil Meek sin stjernestatus. Foto: privat.

Muay Thai-Tiago sparra med MMA-Meek

Verdsmeistaren satsar på å gå ein amatørkamp i verdas hardaste kampsport før året er omme.

Oslo: Tiago Mendes frå Sogndal er verdsmeistar i Muay Thai, men satsar òg på MMA, ein kampsport som blandar dei beste teknikkane frå andre stilar og der det meste er lov.

Denne veka skal han trene med fleire av dei norske UFC-stjernene, med Emil Meek som den største av dei alle. Meek er ranka som nummer to i Skandinavia og er ei stigande stjerne i det mest prestisjetunge MMA-forbundet.

– Det var kjempemoro å sparre med han. Han fekk meg i bakken og choka meg (kvelte, journ. anm.) to gongar. Men eg klarte å leggje han i bakken ein gong sjølv òg, seier Mendes, som vedgår at han er sterkare oppreist enn på matta etter mange år med Muay Thai.

Les også: Tapte finalen etter «feildømming» – klagen førte ikkje fram

Sparringpartnaren Emil Meek karakteriserer han som god i alt.

– Han er ein UFC-fighter på veg opp og fram og han har veldig stort potensiale. Eg skal prøve å få til det same, seier Mendes. 

Treningsopphaldet kom i stand via sponsoren 2Train, som gjekk god for den råsterke sogndølen. Mendes føler seg vel tatt imot, sjølv om han er ei ubeskrive blad i MMA-samanheng.

– Det er veldig gode folk, som respekterer og hjelper kvarandre. Det var litt rart i starten, sidan alle kjente kvarandre frå før og eg var den ukjente. Men dei var greie og eg følte meg velkomen. I morgon blir det enno betre, seier Mendes.

Fram til laurdag skal han få trene to økter kvar dag med nokre av dei beste utøvarane i landet og i norden. Om ein månad følgjer treningsleir i Thailand. Målet er å få til ein MMA-kamp i løpet av året.

– Først må eg få trent veldig godt, ikkje minst må eg få trent meir på bryting og  «grappling», seier Mendes.

Til toppen