Sogndal: Etter planen skal tre kilometer veg utbetrast på fylkesveg 55 mellom Bondeviki og Fardal, mellom anna for å få betre drenering og kurvatur. Køyrebana skal bli breiare, og det kjem ein halvannan meter brei gang- og sykkelveg på kvar side.

Mur hjå Høgre-politikar kan setja vegprosjektet Bondeviki-Fardal i fare
18. oktober vedtok kommunestyret i Sogndal detaljreguleringsplan for vegstrekka Bondeviki-Fardal, men med to ekstratillegg. Vegvesenet er ueinige i desse tillegga og meiner at dei set prosjektet i fare.