(Foto: Kaja Nygård)

Musikalsk fyrverkeri

Saman med inviterte gjester, hadde Øvre Årdal Janitsjarkorps nyttårskonsert i kulturhuset søndag kveld.

Årdal: Mange hadde tatt turen til Årdal Kulturhus søndag kveld, då Øvre Årdal Janitsjarkorps inviterte inn til nyttårskonsert. Ein fullspekka sal fekk vere med på ei reise med musikalske perler krydra med afrikanske rytmer og klassisk song.

- Dette er ein tradisjon me vil halde på, seier musikalsk leiar Helge Øren nøgd.

Saman med kona Sigyn, er Helge ein pådrivar innan det musikalske miljøet i Årdal. Han stortrivast med janitsjaren. På søndagens øving kunne han fortelje at han gleda seg til konserten og lova eit musikalsk fyrverkeri.

Musikalsk samarbeid

Med på laget hadde dei med seg Monica Hjelle, Steinar Fodnes, Sara Vie og Mari Beate Yndestad på vokal. Musikarane Ole Magnar Nundal på bass, Odd Sigmund Høl på gitar og Andre Viervoll på piano gjorde jobben sin framragande.

- Me hentar inn lokale band og musikarar, så denne konserten er eit musikalsk samarbeid, fortel Øren.

- Me hentar alltid inn elevar frå kulturskulen, det er viktig at dei unge talenta våre får vere med på slike konsertar.

I år var det Sara Vie og Mari Beate Yndestad som var med frå kulturskulen på vokal. Sara framførte Ola Bremnes sin song "har du fyr", medan Mari Beate Yndestad hadde valt ei låt frå Christina Aguilera. Begge dei to jentene var trygge i rolla si og publikum fekk ei rørande oppleving.

Monica Hjelle tok turen heim til Årdal for å vere med på konserten.

- Me er heldige som har Monica med på laget, seier Øren.

Ho har også vore med på dei tidlegare nyttårskonsertane og er ein dyktig vokalist. I år hadde ho med seg «eigen» pianist, Andre Viervoll. Han spela også piano til andre songinnslag.

- Det er fantastisk å vera heima og få vera med på konserten, sa Monica frå scena.

Artikkelen held fram under biletet. 

VOKAL: Monica Hjelle framførte med stor innlevelse.
VOKAL: Monica Hjelle framførte med stor innlevelse.

Øren var i år stolt over å endeleg få med seg Steinar Fodnes på vokal. Han har desverre ikkje hatt anledning tidlegare år, men søndag var han klar. Blueskongen framførte "she caught the caty" fra Bluesbrothers, samt Sammy Davies jr sin "Mr Bojangles". Han avslutta også kveldens konsert med Michael Buble sin "Feelin`good".

Musikalsk fyrverkeri

Helge Øren lova i forkant av konserten eit musikalsk fyrverkeri og konserten innfridde verkeleg.

Publikum fekk høyre kjente musikalske perler frå blant anna Alison Moyet, Amy Winehouse, Sammy Davis jr til The Commitments, Bluesbrothers og Eva Cassidy.

Saman med Øvre Årdal Janitsjarkorps opna Sigyn Øren konserten med «Domen» på flygelhorn. Frå første tone var publikum bergtatt. Det var ein konsert med trøkk og flott spel frå korpset. På altsax framførte Helge Magne Haglund « Yakety sax», som eit flott instrumentalt innslag.

Artikkelen held fram under biletet. 

MUSIKALSK: Sigyn Øren opna konserten med vakre tonar.
MUSIKALSK: Sigyn Øren opna konserten med vakre tonar.

Før korpset spela publikum ut i vinterkvelden, avslutta dei konserten med å hylle dei inviterte gjestene med blomar. Det var ståande applaus frå eit nøgd publikum, ingen tvil om at dette er ein populær tradisjon.

 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

Til toppen