Musikalsk jonsok-feiring i Seimsdalen

To sprudlande trubadurar sytte for god musikk og endra betre stemning under jonsokfeiringa i Seimsdalen i kveld.

Over  200 menneske møtte i dag fram i Nausthola(på strandi) i Seimsdalen for å feire sankthans, og med god musikk og strålande vêr låg alt til rette for ein strålande sumarkveld.

Sankthans, eller jonsok som den også vert kalla, er ein kyrkjeleg høgtid til minne om døyparen Johannes sin fødselsdag. Dagen skal eigentleg feirast den 24.juni og har fått namnet sitt etter døyparen Johannes sitt danske helgenamn, St. Hans.

Sjå fleire bilete får jonsokfeiringa i galleriet øvst i saka!

Det var Seimsdalen Ungdomsslag som inviterte til jonsokfeiring i kveld, der dei tradisjon tru møtte fram med ferdig oppvarma grillar og diverse aktivitetar.

Vellukka feiring
Det heile begynte med at dei frammøtte fekk slå følgje med brudeparet og korpset då dei gjekk frå parkeringsplassen til Nausthola og bort til Nausthola.

Då alle var vel framme vart det store jonsokbålet sett fyr på, sjølvsagt med ei heks i toppen.

Utover kvelden tok dei to trubadurane Thomas Norheim Moen og Joachim Styve fram gitaren, og saman spelte dei opp til allsong. Betre musikk har det aldri vorte spelt på strandi i Seimsdalen.

Godt brannvern
Når bål skal brennast er det viktig med brannvern, og på same måte som i fjor møtte beredskapen i Årdal fram under jonsokfeiringa for å sikre at alt gjekk føre seg på skikkeleg vis.

Beredskapen hadde stålkontroll også i år, men storleiken på bålet gjorde likevel beredskapsmann Roy Andre Bergerud litt bekymra.

– Det er klart at storleiken på bålet gjorde oss bekymra, men det var aldri noko fare. Det er kjekt med stort bål, og ekstra kjekt med så mange menneske, rett og slett ein heilt super feiring.

Til toppen