NY DIRIGENT: Lærdølen Marita Vangen Bratteteig, kjent frå bandet Kabaret Makaber, er Lærdal songkor sin nye dirigent. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
NY DIRIGENT: Lærdølen Marita Vangen Bratteteig, kjent frå bandet Kabaret Makaber, er Lærdal songkor sin nye dirigent. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen (Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen)

Musikalsk talent inn i Lærdal songkor

Ho er midt i ei plateinnspeling med bandet Kabaret Makaber, men har flytta attende til heimbygda og overtar rolla som dirigent i Lærdal Songkor.

Utstyrt med lokale tekstar, eit gigantisk klokkespel, kontrabass, trommer og saksofon er Kabaret Makaber snart i mål med innspeling av plate i eit studio i Bergen. 

Lærdølen Marita Vangen Bratteteig er attende i heimbygda med plan om å få til noko i Sogn. Ho bidreg på gartneriet i bygda, men i all hovudsak er det musikk som står i fokus. 

– Eg vart spurt av songkoret om å vera deira nye dirigent. Eg håpar eg kan tilføre noko nytt til koret, samstundes som at eg lærer av dei, seier ho.

Euforisk

Vokalisten i Kabaret Makaber, og no den nye dirigenten i Lærdal songkor, finn mykje inspirasjon i lokalmiljøet. Ho nyttar kvar anledning til å pønske ut nye tekstar, samstundes som tekstane eigentleg kjem litt av seg sjølv også. 

– Eg havna på ei ferje her om dagen der ein av bilane inneheldt dynamitt. Eg vart fyrst vinka av ferja med beskjed om at det berre var tillate med 12 personar ombord. 

Vidare fortel ho at spesialgodset som vart frakta på denne ferja var grunnen til at ikkje alle kunne vere med. 

– Så fekk eg beskjed om å gå på ferja likevel, samstundes som ein bil vart vinka av. Og då byrja eg å fundere på kven som var den heldige her; meg som fekk vere med båten, eller bilen som vart vinka av? Kven vart eigentleg ofra i denne situasjonen, i tilfelle noko skjedde med dynamitten? 

Dynamittferja, vart namnet. Porten.no kjenner ikkje til om dette er ein song som kjem på plata dei slepp til våren. 

Til helga att skal Vangen Bratteteig og resten av Kabaret Makaber spele under Bikubekveld på Det Norske Teatret i Oslo. 

Artikkelen held fram under biletet.

LOKAL INSPIRASJON: Musikken til Kabaret Makaber har fleire lokale inspirasjonskjelder. No tar Marita Vangen Bratteteig med seg kunnskapane sine inn i Lærdal songkor. Foto/Kollasj: Ingrid Nordbye-Antonsen
LOKAL INSPIRASJON: Musikken til Kabaret Makaber har fleire lokale inspirasjonskjelder. No tar Marita Vangen Bratteteig med seg kunnskapane sine inn i Lærdal songkor. Foto/Kollasj: Ingrid Nordbye-Antonsen

Meir rytme

Vangen Bratteteig har studert musikk i Bergen og Oslo, og er no klar for å ta fatt på rolla som dirigent i heimbygda sitt songkor. 

– Eg jobbar nok litt anleis enn det koret er vand med frå tidlegare. Det vert litt meir rytmisk musikk framover.

Frå musikkstudiane har ho og med seg kunnskap om korleis å arrangere musikk, der korsong held seg mest i den klassiske kategorien. No ynskjer ho å ta koret med på ukjende vegar, og introdusere blant anna kormusikk i country-stil.

Kultur i kulturhuset

Ho og koret har allereie hatt to øvingar i lag, og inntrykket så langt er utelukkande positivt. 

– Dei er dyktige songarar, og ein sporty gjeng som let meg få lov til å prøve mykje forskjellig. 

Samstundes som ho utfordrar Lærdal songkor i nye musikkstilar, ynskjer ho å bidra til å auke kulturlivet i bygda. Ein av ideane hennar er å starte opp ein musikk- og songkafé i kulturhuset, og Dariusz Baran som driftar Laksen Kafé er heilt einig med Vangen Bratteteig. 

– Me må gjere dette saman, seier Baran. 

LES OGSÅ: Gjenopplivar Laksen

 

Til toppen