JULEKONSERT: Årdalstangen musikklag hadde julekonsert onsdag. Foto: Wenche Hals Kulset
JULEKONSERT: Årdalstangen musikklag hadde julekonsert onsdag. Foto: Wenche Hals Kulset

Musikalske juletonar i Årdal Kyrkje 

Årdalstangen musikklag hadde julekonsert i Årdal kyrkje tysdag. 

Årdal: Tysdag hadde Årdalstangen musikklag julekonsert i Årdal kyrkje. Både dirigent og korps var stornøgde med den tredje i rekka av «Musikalsk julegodt». Bakgrunnen for julekonserten var eit ynskje om å kunne spele meir julemusikk for publikum.

Nærare 200  fekk med seg ein variert konsert med song- og speleglade ungar saman med korpset. Det blei spelt både gamle og nye julesongar.

Artikkelen held fram under bilete 

KORPS: Unge baritonistar i aksjon.
KORPS: Unge baritonistar i aksjon.

Endringar i år

I år blei det gjort nokre endringar med konsertopplegget. Dei to viktigaste endringane var at dei brukte eigne skulemusikantar og at eit klassekor frå 3. og 4.klasse på Tangen skule var med.

Klassekoret song «Jul i svingen» og «Himmel på jord». I tillegg song dei «Vi tenner våre lykter» saman med korpset. Det var visedirigent Hilde Horpen som dirigerte koret og korpset.

Skulemusikantane spelte «Lille katt» saman med korpset, samt fekk publikum høyre Edward M. Tandberg på kornett med Ben Hirons i to kjende julesongar.

Artikkelen held fram under bilete 

KLASSEKOR: Klassekoret gav konserten ein ny vri.
KLASSEKOR: Klassekoret gav konserten ein ny vri.

Julekonserten vart avslutta med «Fager er jordi», med publikum som songkor.

Det blei ikkje tatt billettpengar til denne konserten, men Årdalstangen musikklag oppfordra istadanfor at publikum skulle gje ei gåve til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja. Under julekonserten kom det inn over 2000 kroner til dette formålet

70- årsjubileum i 2017

Korpset har no tatt juleferie i tre veker, og neste år har Årdalstangen musikklag 70-årsjubileum. Dei har mange jubileumsaktivitetar, og helga etter nyttår reiser korpset til Bergen for å øve på repertoaret til den store jubileumskonserten som dei skal ha. 

Til toppen