GLAD: MayRahKee er artistnamnet til den unge musikaren frå Aurland. Til neste år vil ho sleppa sitt andre album.
GLAD: MayRahKee er artistnamnet til den unge musikaren frå Aurland. Til neste år vil ho sleppa sitt andre album. (Foto: Pressefoto)

Musikaren jobba med å kutta utgifter då telefonen plutseleg ringte

Vilde Torheim Skjerdal har store ambisjonar, og mange planar. Då hjelper det med litt økonomisk drahjelp.

Aurland/København: Den 24 år gamle jazzmusikaren Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland har fått Furorestipendet på 50.000 kroner. 

Vokalisten og låtskrivaren vart overvelda då ho fekk høyra om tildelinga.

– Då eg vart oppringt sat eg med fotografen min, Simen Løvgren, og diskuterte kva utgiftspostar som måtte kuttast for at planane til hausten skulle kunne gjennomførast. Så dette kunne verkeleg ikkje ha kome på eit betre tidspunkt, seier Skjerdal i ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Juryen opplyser at dei er imponert over det Skjerdal allereie har fått til som artist, og har stor tru på at ho vil utvikla seg endå meir i tida framover.

Har store ambisjonar

Skjerdal tek ein mastergrad i utøvande musikk i Kristiansand, men er for tida på utveksling til rytmisk musikkonservatorium i København.

I oktober lanserer ho musikkvideoen Metanoia.

– Dette blir det første fullstendige audiovisuelle produktet eg slepp som MayRahKee, så denne musikkvideoen er veldig viktig for meg, seier 24-åringen.

I februar gav ho ut sitt første album, To The Core. Målet på sikt er å etablera seg som artist og låtskrivar.

– I 2020 har eg planar om å spele inn mitt andre album, seier Skjerdal.

Til toppen