DELTAR: Håkon Høgemo frå Øvre Årdal og Tom Karlsrud skal spele på Førdefestivalen. Foto: Pressefoto. 
DELTAR: Håkon Høgemo frå Øvre Årdal og Tom Karlsrud skal spele på Førdefestivalen. Foto: Pressefoto. 

Musikk på flukt

Musikk og kultur frå land der det er krig, konfliktar og naud står på programmet til Førdefestivalen i år.

Førde: «På flukt!» er temaet for festivalen, som 6.– 10. juli vert arrangert for 27. gong.

Temaet i år er høgaktuelt, og då kjem ein ikkje utanom Syria, der dagens situasjon står i sterk kontrast til landet si historie som eit land der alle verdsreligionar har levd fredeleg side om side i hundrevis av år. Konfliktane er av nyare dato.

Syrisk mangfald

– Det er verdt å tenkje på, og også verdt ein ny konsertproduksjon og rundebordskonferanse på ein internasjonal festival i Noreg, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Årets kyrkjekonsert, «Syriske bøner», vert produsert i samarbeid mellom Førdefestivalen og Kirkelig Kulturverksted ved Erik Hillestad. Ideen er å vise det rike musikalske og religiøse mangfaldet som ein gong var Syria, men som i dag er pressa utanfor landegrensene, til Libanon, der dei fleste av musikarane vi møter i konserten no lever som flyktningar. Prosjektet blir plateproduksjon på Kirkelig Kulturverksted, og vert urframført under Førdefestivalen.

Artikkelen held fram under biletet.

Circus Raj byr på gateteater i Førde.
Circus Raj byr på gateteater i Førde.

Frå Syria kjem også ensemblet Broukar, sufisong og dervishdans. Dei var profesjonelle musikarar i Syria, men måtte flykte frå krigen, og lever no som flyktningar i Europa.

Opningskonserten

På opningskonserten 7. juli møter publikum fleire tema-artistar. Til dømes sefardisk-jødiske Mor Karbasi, og fridomskjemparen og musikaren Faytinga frå Eritrea. Unge musikarar frå Fargespill i Bergen er med: Jawana Thayaseelan frå Sri Lanka, som hadde mykje av oppveksten sin nettopp i Førde, og Gutu Abera frå Etiopia, som mange vil hugse song for kongeparet i samband med 25-årsjubileet deira.

Sigøynarfest

Musikken til romfolket avspeglar smerte, men òg livsmot, energi og danseglede. Dette kan opplevast når Romengo frå Ungarn og Mahala Rai Banda frå Romania byr opp til sigøynarfest i byparken i Førde 8. juli.

Voggesong

Trass i at mange har måtta flykte frå alt dei hadde i heimlandet, har dei songane sine med seg – også voggesongar. Festivalen har starta eit prosjekt der eit utval innvandrarkvinner i Sunnfjord vert inviterte til å dele sine voggesongar med oss. Norske bånsullar får også sin plass i konserten.

Tingingsverk

Folkemusikar og komponist Erlend Apneseth har teke på seg oppgåva med å levere tingingsverket til den 27. Førdefestivalen. I verket som har fått tittelen «Nattsongar» stiller Apneseth eit par filosofiske spørsmål om dei lokale musikktradisjonane våre: Kva om felespelaren Anders Viken hadde møtt Django Reinhardt; korleis hadde polkaen Smøygen høyrdest ut då? Og viss Førdefestivalen, med alle impulsar utanfrå, hadde eksistert for 100 år sidan, korleis hadde slåttespelet i Jølster vore i dag? Apneseth har med musikarane Erik Rydvall, Ole Morten Vågan, Stein Urheim og Hans Hulbækmo, og urframføring skjer 9. juli.

Artikkelen held fram under biletet.

Folkemusikar og komponist Erlend Apneseth har laga tingingsverket til Førdefestivalen i år.
Folkemusikar og komponist Erlend Apneseth har laga tingingsverket til Førdefestivalen i år.

Nordisk musikk

Gruppa Värttinä frå Finland lagar finsk verdsmusikk. Vokalharmoniane deira vert å høyre for første gong i Førde under festivalen.

Dreamers' Circus kjem dessutan med den danske folkemusikken sin. Til Førde kjem også Gjermund Larsen Trio og Nordic for å lage felles konsert.

Silje Onstad Hålien kjem med danseframsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr» og Margit Myhr framfører soloframsyninga «Stille trør kvinner i sørgedans».

På fødestaden til diktaren Jakob Sande i Fjaler vert det lyrikk, musikk og spelemannshistorier i konserten «Spring du fela», med mellom andre Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien.

Førdefestivalen byr også på intimkonsertar med to par meisterspelemenn: Ale Möller & Gunnar Stubseid, og Håkon Høgemo & Tom Karlsrud.

Ismusikk

Det handlar om arktiske strøk og musikk tett knytt til naturen når ismusikar Terje Isungset samlar kanadiske, russiske og samiske musikarar for å skape eit eige ismusikk-univers i Førde. Isungset trakterer instrument laga av bre-is og fersk is og går i tett samspel med inuitsongarane Beatrice Deer og Evie Mark frå Canada, songar og multiinstrumentalist Radik Tyuliyush frå Tuva i Russland og samiske Sara Marielle Gaup Beaska og Maria Skranes.

Gatesirkus og fjelltur

Førdefestivalen legg vekt tilbod for både store og små. I år kan heile familien oppleve gatesirkus frå Rajasthan, Circus Raj, med sjonglørar, sverdslukarar og balansekunstnarar. I tillegg vert det også i år samarbeid med Barnas Turlag om tur og musikk i det fri. Årets fjelltoppkonsert 706 m.o.h. er det Chouk Bwa Libète frå fjellandet Haiti som står for.

Konferanse

Krafta til kulturen i eit samfunn i endring er tema for Førdekonferansen 2016, som vert arrangert 7. juli. Her vert det stilt spørsmål om kulturen si rolle i tider med store samfunnsendringar. (©NPK)

Til toppen