Musikk rett i hjarterota

Skulemusikantar og The Brazz Brothers vart til saman dynamitt i kulturhuset i Øvre i ettermiddag.

– Tja, kva skal ein skal seie, spurde konferansier Helge Øren ut i ein fullsett sal etter konserten, og fekk latter tilbake. For profesjonelle jazzmusikarar og unge skulemusikantar hadde  saman eksplodert til ei musikkoppleving som gjekk rett i hjarterota og pannebrasken til tilhøyrarane. 

Sjå stort fotogalleri øvst i her artikkelen. Bla med pilene!

Artikkelen held fram under biletet.

STAPPFULLT I KULTURHUSET: Publikum let seg riva med, klappa og tampa takten fleire gonger, og gav ståande ovasjonar
STAPPFULLT I KULTURHUSET: Publikum let seg riva med, klappa og tampa takten fleire gonger, og gav ståande ovasjonar

Ord vart fattige

The Brazz Brothers og sitt amatørkorps for anledningen tok publikum med på ei musikalsk reise verda rundt, der dei stoppa opp og gav tilhøyrarane smakebitar frå Afrika, New Orleans og  Brasil.

– Tenk på det folkens, det er amatørar som er med oss i dag! Kven skulle tru det? Me har trass alt drive med dette i i 35 år, reist rundt og fått musikalsk lærdom i 34 land, sa ein munnrapp og humoritisk Jan Magne Førde i The Brazz Brothers til eit opplagt publikum.

Artikkelen held fram under biletet.

KJEM ALDRI TIL Å SLUTTA I KORPS: 10 år gamle Thea Lunde og Andrea Håheim i Farnes skulemusikk har hatt det så moro i helga, at dei aldri kjem til å slutta med korpsmusikk.
KJEM ALDRI TIL Å SLUTTA I KORPS: 10 år gamle Thea Lunde og Andrea Håheim i Farnes skulemusikk har hatt det så moro i helga, at dei aldri kjem til å slutta med korpsmusikk.

- Kjem aldri til å slutta i korps

Thea Lunde (10) på trompet og Andrea Håheim på klarinett i Farnes Skulemusikk (10) er klare i sin tale;

– Me har hatt det så moro i helga at me kjem til å halda fram med korpsmusikk, seier dei til Porten.no

Dei fortel at at dei har lært å spela utan notar, og at dei har lært mykje anna av The Brazz Brothers. 

– Og så har me blitt kjende med mange andre frå dei andre skulekorpsa som var med. Me vart delt inn i grupper når me øvde i tillegg til at me spelte i lag, seier Thea og Andrea, som også tykte det var ekstra moro på festen dei hadde på Årdal vidaregåande skule laurdag kveld der dei fekk servert taco, dansa og hadde mimeleikar.

– Me lærte også ein afrikansk dans, og så har me lært nokre afrikanske ord. Dei var veldig morsomme desse karane, og flinke å læra i frå seg, smiler dei.

Artikkelen held fram under biletet.

SUKSESS: Å vera publikum i Kulturhuset i Øvre søndag ettermiddag, var rett og slett mektig å vera ein del av
SUKSESS: Å vera publikum i Kulturhuset i Øvre søndag ettermiddag, var rett og slett mektig å vera ein del av

Konferansier Helge Øren oppsummerte helga slik.

– Denne musikalske helga har handla om samarbeid, meistring, engasjement, samhald, venskap, speleglede, opplevingar. Det er dette det handlar om. Om å vera saman, skapa felleskap, og skapa dei gode opplevingane, seier han.

Farnes skulemusikk har hatt ei klinkande klar målsetjing med dette prosjektet, nemleg motivering og rekruttering for framtidas korpsmusikantar. 

– Me ønskjer at kvar einaste av musikantane reiser heim med rike opplevingar, slik at dei får enda meir lyst til å spela på instrumentet sitt, fortel Øren, som etter konserten heldt ein lang takketale over alle bedrifter, butikkar, privatpersonar, organisasjonar, Årdal kommune og Årdal vidaregåande skule som har støtta opp på ulike måtar. 

Misjonærar i musikk

– Me har hatt ei fantastisk fin helg i Årdal med flinke og dyktige folk. Me ser på oss sjølve som misjonærar i musikk som reiser rundt i landet for å inspirera korpsmusikantar til å elska musikk og instrument slik me gjer, seier ein entusiastisk Jan Magne Førde i The Brazz Brothers til Porten.no etter konserten.

Korpshelga som Farnes skulemusikk gjekk i bresjen for og arrangerte, var i samarbeid med Norges Musikkkorpsforbund. I morgon skal elevane ved Farnes skule vera tilhøyrarar, men då "berre" med The Brazz Brothers og Farnes skulemusikk.

Dei som var med på skulemusikk-seminaret i Årdal i helga, var Farnes skulemusikk, Årdalstangen skulemusikk, Kaupanger skuleungdomskorps, Leikanger skulemusikk og Sogndal skulemusikk - til saman 80 stykkjer.

MUSIKALSKE MISJONÆRAR: The Brazz Brothers kan trygt kalla seg musikalske misjonærar. Dei inspirerer barn og unge til å halda fram med instrument og korpsmusikk
MUSIKALSKE MISJONÆRAR: The Brazz Brothers kan trygt kalla seg musikalske misjonærar. Dei inspirerer barn og unge til å halda fram med instrument og korpsmusikk

 

Til toppen