– Musikk utanom det vanlege

Bjørn Erik Aga er kjend for å vera ein av dei åtte karane i årdalsbandet Strupetakarane. Torsdag kveld var han i Meieriparken på Årdalstangen for å høyre sin skotske favoritt frå ungdomsskulen.

STOR FAN: Bjørn Erik Aga si fyrste oppleving med Marillion var via uteanlegget på ungdomsskulen der blant anna plata "Misplaced Childhood" vart spelt.
STOR FAN: Bjørn Erik Aga si fyrste oppleving med Marillion var via uteanlegget på ungdomsskulen der blant anna plata "Misplaced Childhood" vart spelt.

– Eg vart introdusert for Marillion og Fish (Derek William Dick, journ. mrk) på ungdomsskulen i Øvre. Dei spelte musikken på uteanlegget på skulen, fortel Aga. 

Sjå også biletegalleri øvst i saka.

Torsdag kveld vitja Fish scena på Målrock i Meieriparken. Ved konsertstart kl. 22.00 byrja han med eit repertoar av nyare låtar, medan det meste av publikum stod under taka på festivaltelta i parken på grunn av eit voldsomt regnvær. 

– Eg har vore fan av Fish og Marillion sidan 1985, og ser fram til å høyre den fantastiske plata ("Misplaced Childhood" frå 1985, journ. mrk) i kveld, seier Aga med stjerner i augene. 

Tidsmaskin

Då Fish sa at han no skulle ta publikum med på ei reise, ga folk blaffen i regnvêret og stima seg framfor scena. Det var heilt tydeleg at det var klart for eit gjensyn med suksessplata frå 1985. 

"No skal håret dykkar gro attende på hovudet, den smertefulle ryggen skal rettast opp og magen skal bli flat". Fritt oversatt frå Fish då han annonserte at det var på tide å ta publikum med i ei tidsmaskin attende til 1985. Publikum gjekk inn i ei boble, og ein kunne nærmast sjå at dei drøymde seg attende til midten av 80-talet.

Unik stemme

STEMMEPRAKT: For Alfred Holsæter er det stemma til Fish som er mest viktig. 
STEMMEPRAKT: For Alfred Holsæter er det stemma til Fish som er mest viktig. 

– Eg høyrer berre på Marillion med Fish som vokal, seier Alfred Holsæter. For han er stemma til Fish heilt unik. 

– Eg er heilt fascinert!

Han fortel vidare at Marillion og Fish er den musikken han har spelt mest av i heile sitt liv, og han minnast attende til i fjor då stormen øydelagde for den mykje etterlengta konsertopplevinga med Fish.
– Eg hadde gått i eitt år og gleda meg. Eg hadde mest lyst til å grina då det vart kjend at konserten vart avlyst! 

TØFT: Arild Asperheim tykkjer det er tøft at Fish kjem til vetle Årdal, og spesielt at han kjem attende til bygda etter opplevinga i fjor. 
TØFT: Arild Asperheim tykkjer det er tøft at Fish kjem til vetle Årdal, og spesielt at han kjem attende til bygda etter opplevinga i fjor. 

Arild Asperheim er og ein ihuga fan av Fish og Marillion frå den tida der skotten er vokalist. 

– Eg vart kjend med Marillion rundt 1990, då eg tjuvlånte platene til bruttern, fortel Asperheim. 

I fjor fekk han sjansen til å møta Fish personleg og snakka med han. – Det er tøft at han kjem til vetle Årdal for å spele. Det er stort! 

Mykje folk

Målrock si Facebook-side annonserast det om at det kan ha vore så mykje som i overkant av 1000 personar inne på festivalen torsdag kveld. 

Før Fish entra scena, stod dei lokale heltane Raaskinn og Ketil Thorbjørnsen på scena. 

LES OGSÅ: Kortreiste gitarriff

LES OGSÅ: Då Verdsmannen tok ordet

Til toppen