Lærdal: Det er Suzan Erens som tek over dirigentpinnen etter Dora David, som skal ha permisjon denne sesongen, skriv musikklaget i ein e-post.
Erens er frå Nederland og er songarinne. Ho dirigerer også koret i Aurland.
– Om det går som me planlegg, kjem publikum til å få høyra ho saman med korpset på konsertar me skal delta på utover hausten. Me kjem òg til å samarbeide om felles melodiar med Lærdal Songkor denne hausten.
Musikklaget startar opp att med øvingar tysdag denne veka, og allereie i september skal dei ha korpsseminar saman med Flåm Musikklag.
– Elles kjem musikklaget til å delta på dei tradisjonelle tilstellingane utover hausten, mellom anna på haustmarknaden, julemarknaden og julekonsert i Hauge kyrkje. Medlemmane i musikklaget deltek òg alltid på gudstenesta julaftan, og me spelar julemelodiar på Lærdal sjukehus og Lærdal bu- og omsorgsheim like før jul.