Musikklaget lagde julestemning for dei eldre

Lærdal Musikklag skapte julestemning for dei eldre på Lærdal bu- og omsorgsheim tysdag kveld. 

Lærdal: Det er ein fin tradisjon at Lærdal Musikklag avsluttar året med konsertar på Lærdal bu- og omsorgsheim og sjukehuset. 

Her fekk bebuarane høyre kjende og kjære julesongar som «Julekveld i skogen», «Fager er jordi» og «Vi tenner våre lykter». 

Sjå bileta frå julekonserten i galleriet øvst i artikkelen.

Om lag 25 bebuarar såg konserten på omsorgsheimen denne Lucia-kvelden. 

Til toppen