ÅRSMØTE: Laurdag møttes lokallaga i miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane til årsmøte i Årdal. Foto: Kaja Nygård 
ÅRSMØTE: Laurdag møttes lokallaga i miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane til årsmøte i Årdal. Foto: Kaja Nygård 

– Mykje engasjement samla på ein plass 

Laurdag hadde miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane sitt årsmøte i Årdal. På årsmøte valte partiet nytt styre. 

Årdal: Laurdag var lokallaga i miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane samla til årsmøte i Årdal. På årsmøte vart det blant anna diskutert kva dei skulle jobbe med framover og det blei valt nytt styre.

- Dei fleste lokallaga frå Sogn og Fjordane er samla her til årsmøte. Det er ikkje så ofte me er samla, så når me no først er det så blir det mange gode diskusjonar. Her er mykje engasjement samla på ein plass, seier talsperson Marièl Eikeset Koren.

Økonomisk støtte

Eikeset Koren fortel  at den siste tida etter valkampen, har partiet fått ei meir formell rolle i fylkespolitikken.

- Me er eit ganske ungt, nytt parti i fylkespolitikken og har mykje å jobbe med.

Etter at miljøpartiet dei grøne vart valt inn i fylkesstyret, så har dei fått meir økonomisk støtte.

- Ein får støtte etter kor mange ein er og kor godt ein er etablert. No har me midlar til å byggje partiet framover i valkampen. Så at me blei valt inn i fylkesstyret har hatt veldig mykje å seie for oss. Den økonomiske situasjonen har endra seg mykje sidan førre årsmøte, fortel Eikeset Koren.

Saker å jobbe med framover

Under årsmøte vart det tatt opp saker dei skulle jobbe med framover.

- Det er veldig viktig for oss å finne vår stemme inn i fylkespolitikken. Dette er noko me jobbar med no.

- Miljøpartiet dei grøne handlar mykje om korleis me lever liva våre og korleis me brukar dei ressursane me har. Dette er noko me har snakka om på årsmøte.

Eikeset Koren fortel at dei til no blant anna har jobba med søppelhandteringa i Sogn og fjordane.

- Renovasjonssystemet er veldig varierande. Viss me ikkje gjenvinner, så kastar me på ein måte vekk ressursar.

Ho legg til at seinare skal dei jobbe meir med energipolitikken og det å skape arbeidsplassar i fylket vårt.

Styret

Laurdag valte lokallaga styret til miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane.

- Partiet har to politiske talspersonar, istadanfor ein fylkesleiar. Dette er noko me vil forsette med, fortel Eikeset Koren.

På årsmøtet blei det valt to talspersonar, og dette blei Stein Malkenes frå Flora og Marièl Eikeset Koren frå Gloppen. Desse to sitt i styret saman med Marius Dalin frå Førde, Sandra Opheim frå Årdal, Mark Taylor frå Fjaler, Carlo Aall frå Leikanger og Helga Husevåg frå Vågsøy.

Lars Finsen frå Naustdal og Martin Malkenes frå Flora blei vara.

Miljøpartiet dei grøne Sogn og Fjordane skal på landsmøte i mai, og under årsmøte valte dei kven som skulle reise på dette møtet. Det blei talspersonane, Stein Malkenes og Marièl Eikeset Koren, samt Marius Dalin som får reise på landsmøte.

Til toppen