Mykje er positivt i Lærdal – det gjeld å løfta blikket​
meiningar
meiningar

Mykje er positivt i Lærdal – det gjeld å løfta blikket​

KOMMENTAR: Gjennom snart fire år i «den grøne kommunen» er eg vorten veldig glad i Lærdal og alle dei flotte menneska eg har fått lov å bli kjent med. Difor vert eg skikkeleg lei meg over alt det negative som har stått i media om Lærdal den siste tida.

Kvar einaste dag køyrer eg frå Aurland til Lærdal, til den flotte kommunen der eg jobbar. Kvar einaste dag gler eg meg til å koma på jobb, til å møta dei strålande kollegaene mine i Lærdal Næringsutvikling, til å samarbeida med dei næringsdrivande i Lærdal og dei tilsette i Lærdal kommune. Gjennom snart fire år i «den grøne kommunen» er eg vorten veldig glad i Lærdal og alle dei flotte menneska eg har fått lov å bli kjent med. Difor vert eg skikkeleg lei meg over alt det negative som har stått i media om Lærdal den siste tida, og som skapar eit dårleg omdøme av ein kommune som har so mykje flott å by på. Alle desse oppslaga har fått meg til å tenkja ekstra mykje på alt det me har å vera stolte av, og kva me bør vera opptekne av.

Omdøme er summen av korleis omverda oppfattar oss. Eit godt omdøme er viktig for folketalsvekst, etablering av arbeidsplassar, for å trekkja til seg kompetanse og ikkje minst for å få besøkande til kommunen. Omdømet blir påverka av mange faktorar, og både politikarar, kommunal forvaltning, bedrifter, kulturutøvarar, idrettsutøvarar og kvar einskild innbyggjar er med å forma kommunen sitt omdøme.

Det me fokuserer på veks. Legg me energien i det negative gir me grobotn for negativitet. Fokuserer me på det positive legg me grunnlaget for vekst og utvikling. Og det er mykje som er positivt i Lærdal, svært mykje. Det er berre å nemna grøntnæringa, som truleg er det mest innovative miljøet på sitt område i landet. Me har eit flott lokalsjukehus, som har stor verdi for heile regionen og som tilbyr verdifulle og etterspurte tenester og kompetanse. Og tenk på alle dei flotte arrangementa me har, og som skapar både trivsel, sosiale, kulturelle og økonomiske verdiar for mange i Lærdal. Sjølvsagt er det også veldig mykje anna. Mange flotte folk gjer dagleg sitt aller beste for at Lærdal skal vera eit livskraftig og godt lokalsamfunn.

Gjennom omstillingsarbeidet er eg so heldig å få vera tett på mykje av det spennande som skjer i Lærdal. Her jobbar me med både konkrete prosjekt og med meir overordna prosessar for korleis me skal utvikla kommunen. Me har mange utfordringar, men mange fleire moglegheiter. Me har starta på eit løp som me meiner vil gje positive effektar på mange område. Me har stor tru på det som skal skje på Håbakken, hovudsatsinga i utviklingsarbeidet. I tillegg har Lærdal kome med i eit nasjonalt pilotprosjekt som skal gje oss verdifull kompetanse og gode verktøy til å driva sentrumsutvikling. Det skal m.a. gjera oss betre i stand til å fylla både det flotte trehusmiljøet på Lærdalsøyri og andre lokale med positive og utviklande aktivitetar. Fleire planlagde og oppstarta bustadprosjekt gjer også sitt til at det er grunn til å vera optimist. Alt dette skal me vera stolte av, og dette er berre noko av det som skal gje oss energi på vegen vidare mot vekst og utvikling.

Arbeidet med å skapa eit godt lokalsamfunn krev eit tett og godt samarbeid mellom innbyggjarane, kommunen og det private næringslivet. Berre på den måten kan me staka ut den retninga me vil at lokalsamfunnet skal utvikla seg. I Lærdal har me nyleg etablert eit omgrep som heiter TATAKI. Det skal vera namnet på og måten me vil driva eit utviklingsarbeid som passar oss i Lærdal. Det handlar m.a. om å syna engasjement, om samhandling og kompetanseutvikling. Det handlar også om å heia på kvarandre og syna stoltheit for dei som lukkast. Mitt ynskje er at flest mogleg skal involvera seg og ta eigarskap til alt det positive arbeidet som er i gang. Det å syna initiativ og jobba saman mot felles mål skal vera ein naturleg ting i Lærdal.

Dei viktige diskusjonane må handla om korleis me vil at lokalsamfunnet vårt skal fungera, korleis me kan skapa ein visjon som alle trur på, og som skal peika ut ei retning for Lærdal. Den amerikanske baseballspelaren «Yogi» Berra sa ein gong: «Om du ikkje veit kor du skal, så havnar du sikkert ein annan plass.» Det er heilt sant, og difor treng me ein retning, ein klar visjon. Det er ikkje eit mål at alle skal gå i takt, men det er viktig at me veit kor me vil og at me går i same retning. Difor er oppmodinga mi: Løft blikket, gløym dei daglege bagatellane, ta del i dei viktige diskusjonane og alle dei positive prosessane som er i gang i Lærdal. Me har so mykje bra å byggja på, so mange gode kvalitetar og ressursar. Dei må me bruka til å styra Lærdal inn i framtida på best mogleg måte. 

Arve Tokvam
dagleg leiar
Lærdal Næringsutvikling       

Til toppen