INNSAMLING: Under hjortejakta i Årdal, Lærdal og Luster vart det i 2013 og 2015 samla inn kjevar. Analysane av desse syner at 41 prosent av hjortane det vart samla inn kjevar frå i 2015 hadde fluorskader på tennene. Illustrasjonsfoto.
INNSAMLING: Under hjortejakta i Årdal, Lærdal og Luster vart det i 2013 og 2015 samla inn kjevar. Analysane av desse syner at 41 prosent av hjortane det vart samla inn kjevar frå i 2015 hadde fluorskader på tennene. Illustrasjonsfoto. (Foto: Privat foto)

Mykje fluorskader på hjorten i Årdal

Ein rapport utarbeidd av Veterinærinstituttet basert på resultat av kjeveinnsamlingar syner at 41 prosent av hjorten felt under jakta i Årdal i 2015 hadde fluorskader på tennene.

Årdal: – Ein reknar med at individ med slike skader opplever intens ising i tennene. Vidare at individa då kan få problem med å få i seg føde, seier viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland, Knut Fredrik Øi.

Spørsmålet om i kor stor grad fluorutslepp frå Hydro er til skade for beitedyr vart teke opp i kommunestyret i Årdal for to år sidan etter at Hydro i Årdal søkte Miljødirektoratet om å auka utsleppsgrensa for fluor frå åtte kilo per time til tolv kilo i 2015.

Les også: Uroa over auka utsleppgrense for fluor

Ole Bjarne Hovland (Sp) viste då til kjeveinnsamlinga som vart gjort under hjortejakta i 2013, der analysane viste at 18 prosent av dei analyserte hjortane hadde fluorskade, på fagspråket dentalfluorose. Desse ti individa med fluorskade fordelte seg jamt utover skalaen som seier noko om kor store skadane er – frå milde eller byrjande skader til alvorlege skader.

Hovland tok til orde for at ein måtte halda fram med kjeveinnsamlingar, og at ein også måtte gjera innsamlingar frå beitedyr. I 2015 vart det såleis samla inn kjever frå både hjort og sau.

– Urovekkjande mykje ungdyr med fluorskader

INNSAMLING: Slik ser ein kjeve ut når jegeren har skjært den ut for at den skal sendast til analyse. Arkiv
INNSAMLING: Slik ser ein kjeve ut når jegeren har skjært den ut for at den skal sendast til analyse. Arkiv

Resultata av desse innsamlingane syner at heile 41 prosent hadde dentalfluorose i nokon grad. Dei fleste av desse 29 hjortane med fluorskader hadde skader i mild grad, ni hadde skader i kategoriane moderat til tydeleg eller alvorleg grad og to hadde også skader på det øvste trinnet av skalaen, uttalt grad. 

Det vart gjort studiar på 90-talet av korleis fluorutslepp frå Hydro påverka vilt og husdyr. Den ferske rapporten skildrar uviklinga frå då til no slik:

«Granskingane viser at hjort i Årdal framleis er monaleg fluorbelasta i form av høg førekomst av dentalfluorose og sterk akkumulering av fluor i beinvevet. Samanlikna med tidleg og seint 90-tal er det liten, om nokon, reduksjon i fluorbelasting».

Noko av det rapporten peikar på som mest utrovekkjande er at ein stor del av ungdyra, dei som var halvanna år gamle då dei blei felt under jakta, hadde fluorskader:

«Av åringane undersøkt i 2015 hadde heile 39 prosent dentalfluorose, noko som er årsaka av fluorutslepp i 2014 og 2015. Tilsvarande tal var 32 prosent for 1990-93 og 21 prosent for 1995-98», står det i rapporten.

Les også: Hydro: – Vanskeleg å forstå at resultata er slik

Definitivt mest fluorskador i områder nær Hydro

Det er stor geografisk skilnad mellom ulike områder i Årdal; hjorten i valda nærast verket i Øvre Årdal var definitivt hardast råka av fluorskader. I storvaldet Eldegarden hadde alle dei seks vaksne individa som vart analyserte fluorskader, det same gjaldt seks av ni ungdyr/åringar.

I vald med større geografisk avstand til verket var det få individ med fluorskader, det same gjeld hjortane som er analyserte frå jakta i Lærdal og Luster. Enkeltindivid finst her også, men rapporten peikar på at dette truleg kjem av at dei fluorråka individa har halde seg nærare verket ei tid, for så å vandra til andre områder.

«Det er viktig å påpeika at utviklinga over tid må sjåast i samanheng med kor stor del av dyra som vart nær verket i dei ulike periodane», står det i rapporten. Ettersom mange av dyra testa i 2015 var felte i Eldegarden storvald, altså nær verket, har dette etter alt å døma bidrege til at ein mykje større del av individa testa i 2015 hadde fluorskader i høve individa testa i 2013.

Kolle med rekordhøge fluorverdiar

Rapporten skildrar også spesielt ei kolle på 8 og eitt halvt år som vart felt på Moa, i Eldegarden storvald. Ho hadde det høgste fluornivået som nokon gong er målt i Årdal. Ho var dessutan 45 kilo tung, noko som er svært lågt for ei vaksen kolle – store kalvar kan ha slike slaktevekter.

ALVORLEG: Viltforvaltar Knut Fredrik Øi, her under prøvetaking av hjort med tanke på skrantesjuke. Arkiv
ALVORLEG: Viltforvaltar Knut Fredrik Øi, her under prøvetaking av hjort med tanke på skrantesjuke. Arkiv

Dette kan tyda på at kolla har hatt store problem med å få i seg nok mat. Også i 2013 vart det felt ei noko yngre kolle på Moa med rekordhøge fluorverdiar i høve alderen. Kalven hennar hadde også høge verdiar.

– Det blir eit dyrehelsespørsmål om det kan eller bør vera hjort i områda nærast verket. Er lidingane så store at det er forsvarleg? Samstundes er det politisk vedteke at ein vil auka hjortebestanden i Utladalen, men dersom dette ikkje er forsvarleg – kva gjer ein då? spør viltforvaltar Øi.

Ikkje sikre teikn til skader på sau

Kjevar frå 48 sauer i tre buskapar vart også fluortesta i 2015, her vart det funne nokre avvik, men ingen av sauene hadde sikre teikn på dentalfluorose.

– No er det ikkje veldig mange sauebesetningar i Årdal, men at det ikkje vart funne sikre teikn på dentalfluorose på sau er jo det som er positivt her, kommenterer Øi

Men når det kjem til hjorten er han klar på at han kjem til å følgja opp.

– Eg ser på dette som alvorlege funn og kjem til å kontakta Miljødirektoratet, som gir utsleppsløyver for fluor. Det kan jo ikkje berre halda fram slik.

Resultata har kome etter eit pilotprosjekt for 2013, 2015 og også 2016 – analysane av kjevane innsamla i 2016 er ikkje ferdigstilt. Tanken med pilotprosjektet var å samla inn kjevar for eit relativt stort område  – Lærdal nord, heile Årdal og Luster sør. Når no pilotprosjektet er over, vil Veterinærinstituttet på oppdrag frå Hydro skissera eit overvakingsregime som er tenkt meir permanent.

Til toppen