Det var ein jamn straum med folk heile helga på loppemarknaden til Seimsdal Ungdomslag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Det var ein jamn straum med folk heile helga på loppemarknaden til Seimsdal Ungdomslag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Mykje folk på loppemarknad

Med komplette møbelgrupper og mykje smånips arrangerte Seimsdal Ungdomslag deira fyrste loppemarknad i helga. 

Ungdomslaget i Seimsdalen har lenge hatt loppemarknad i tankane, og på nyåret byrja dei å spørje etter lopper og sette datoen for marknaden til 18. og 19. april. 

– All honnør til Vidar Lerum og Arnkjell Strand som har stått i spissen for denne loppemarknaden, fortel Aud Andersen, leiar i Seimsdal Ungdomslag. Ho ynskjer å gje dei to karane ekstra ros, men påpeikar at ho vil takke alle som har stilt opp for laget i helga. 

Artikkelen held fram under biletet. 

Seimsdal Ungdomslag før loppemarknaden byrja på søndag

Stor gjevarglede

Heile ungdomshuset var fylt til randen med alt i frå store sofagrupper til flerie langbord med smånips. Prisane var eksepsjonelt låge, men ungdomslaget forklarar det med at dei ynskjer å få seld mest mogleg. – Det har vore bra med folk begge dagane, seier Andersen. Det var god respons på auksjonane, og søndag vart budrundane avgjort. Det enda med at dei mest populære objekta vart seld for eit firesifra beløp.

Målbevisst

Malvin Øvstetun sikra seg ei trampoline til barnebarnet på søndag.
Malvin Øvstetun sikra seg ei trampoline til barnebarnet på søndag.

Malvin Øvstetun var klar på kva han leita etter på søndag. Ei trampoline vart annonsert via Facebook, og denne hadde Øvstetun bestemt seg for at han skulle ha.
– Den kosta eit par hundre kroner. Det er jo nesten gratis, seier han. Han tykkjer det er positivt med loppemarknad og meiner det er betre å levere møblar og andre interiørartiklar til loppemarknad og brukthandel enn å kaste det. 

Gjev resten vidare

Karane som har gått i bresjen for å arrangere loppemarknaden, har ofra garasjeplass og mykje fritid for å få dette til å bli vellukka. – Vi ville finne på noko nytt her i Seimsdalen, og tenkte at eit loppemarknad ville skape litt blest om huset, seier Vidar Lerum. Han er veldig fornøgd med helga og håpar å få arrangert loppemarknad att ved ei seinare anledning.

Kva gjer de med det som er att av møbler og andre ting?

– Vi ynskjer å gje det som er att etter helga til Gamleskulen Brukthandel, seier Andersen. 

Til toppen