Mykje medgang gir mykje arbeid

Mykje medgang gir mykje arbeid

Mykje medgang = Mykje jobb!

  • Endret

Dette innlegget vart først publisert 23. april. Porten.no følgjer Kjetil Russenes sitt mål om å starte eit kaffibrenneri i Sogn. Les meir om gründerbloggen her. 

Ein ting som skal være sikkert, er at medgang gir meir arbeid. Misforstå meg rett, eg var klar over at det kom til å bli litt meir jobb enn å berre brenne kaffi. Saka er no slik, at dersom eg skal nå målet mitt – opning i løpet av sommaren, då er det mykje som skal på plass! Mange spørsmål må besvarast:

Til dømes produktdesign – ta eit døme, er Aasen Espresso eit bra namn for ein espressotype? (Etter Ivar Aasen såklart…) Gjest Bårdsen etiopisk filterkaffi? Korleis skal pakkane sjå ut, kva posar skal eg velje, er det lurt å fronte det økologiske aspektet, eller er det noko dei er meir opptatt av nede i Oslobygda?

På tur i påska fekk vi konsummert dugeleg med kaffi, her sit vi i Velleseterdalen og gledar oss.
På tur i påska fekk vi konsummert dugeleg med kaffi, her sit vi i Velleseterdalen og gledar oss.

Vel, vel, nok om det. På mandags kveld vert det avgjordt om eg får nokre kroner av Sparebanken Vest sitt næringsfond – Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane. Eg er medium+ spent på kva tirsdags morgon vil bringe. Ei tildeling der vil eg nytte til å brenne ein del kilo med vareprøver, samt utvikle produktdesign, betale for ei skikkeleg nettside, fotografering etc. Responsen frå næringslivet har vore god, overraskande god. Eg har avtalt med ein del kafaar og hotell om å kome innom for ein prat og ein kaffikopp, nokon vil ha kaffien, allereie i sommar!

Ei anna sak er finansieringa. Med overtrekt bankkonto virkar det litt utfordrane å skrape saman oppstartskapital. Etter litt kjapp rekning ispedd noko optimisme, ser det ut til at konkurs skal være godt mogleg å unngå, men eg treng likavel «big money» for å komme i gang med det her.  Ei gladmelding er at Innovasjon Norge tek seg tid til eit møte snart, så her finst håp.

Aeropress, filterholdar, moccapot, kaffikjell. Alt ein treng for ein vellukka tur!
Aeropress, filterholdar, moccapot, kaffikjell. Alt ein treng for ein vellukka tur!

I løpet av førsommaren vert det nok arrangert ein liten «fundraiser-konsert», då inviterer eg bygda til å stille opp. Kanskje ein får inngang med ein førehandsbestilt neve kaffibønner med på kjøpet? Ifølgje banken lyt eg ha noko eigenkapital før eg får ta opp lån, det virkar som ein fornuftig måte å skaffe kroner på. SGN solgte vel ganske mange ski før dei produserte ein einaste plank? Jaja, det blir nok ein del timar med trafikkdirigering og skogrydding i tillegg.

Eg har noko veldig spennande på gang no, som eg nesten ikkje klarar å halde for meg sjølv. Er du glad i kaffi, (eller i meg) så ville eg ha følgt godt med dei neste to vekene. Det her går vegen! More news to be announced!

Til toppen