Mykje mimring ved dialekt- og stadnamnskafè

Mykje mimring ved dialekt- og stadnamnskafè

Torsdags kveld var det igjen tid for mimring av dialekt og stadnamn i ungdomshuset. 

Torsdag kveld var det igjen duka for dialekt og stadnamnskafè i ungdomshuset. Hovudmålet med kvelden var å gi lyttarane ein trivleg kveld med mykje mimring.

 ”Gje meg mjål og smår på ei fjål, so ska eg bakare’ sjølv” Står det på t-skjorta som heng framfor Arvid Øren, betre kjend som Arvid i Osadn. Ved dialekt og stadnamnskafeen blir det sett av tid til å mimre over gamle vegar, namn, dialektuttrykk og plassar som har fått andre namn den dag i dag.

­­­– Eg arbeidar sjølv med asylmottakarane, og eg ser at det gjenspeglar seg i forhold til korleis me skreiv namna før. Dei representerer både far, og bestefar i namnet sitt, seier ein av lyttarane engasjert.

Lyttarane følg godt med

– Denne tradisjonen har me drive med, heilt sida 2005. Tidlegare har me hatt rundt fire møter kvart år, men i år blir det begrensa til to. Eit no, og eit på hausten. Tidlegare har det vore frivilligsentralen som har stått for kafeane, men no har me i Årdal ungdomslag sjølv tatt saka i eigne hender, fortel Bjørn Årebru smilande.

Hovudmålet med kvelden var at alle skulle få ein triveleg kveld, men Årebru legg også trykk på at det var fint å sjå at det var nokon unge fjes tilstades. Han håpar at ungdommen skal ta etter ordvalet og andre tradisjonar, men er stygt redd for at all dialekt, stadnamn og namn vil forsvinne med dei eldre som går vekk.

 

Til toppen