Mykje mimring ved dialekt- og stadnamnskafè

Mykje mimring ved dialekt- og stadnamnskafè

Torsdags kveld var det igjen tid for mimring av dialekt og stadnamn i ungdomshuset. 

 ”Gje meg mjål og smår på ei fjål, so ska eg bakare’ sjølv” Står det på t-skjorta som heng framfor Arvid Øren, betre kjend som Arvid i Osadn. Ved dialekt og stadnamnskafeen blir det sett av tid til å mimre over gamle vegar, namn, dialektuttrykk og plassar som har fått andre namn den dag i dag.

­­­– Eg arbeidar sjølv med asylmottakarane, og eg ser at det gjenspeglar seg i forhold til korleis me skreiv namna før. Dei representerer både far, og bestefar i namnet sitt, seier ein av lyttarane engasjert.

Ettersom mykje skjedde torsdags kveld var oppmøtet på rundt 35 personar. Det vert fortalt at oppmøtet pleier å liggje på 35-90 personar, avhengig om det er mykje som skjer i bygda. Tross handballkamp og andre aktivitetar i Årdal, var Årebru nøgd med dagens oppmøte. 

NØGD MED OPPMØTET: Torsdags kveld var det rundt 35 som møtte opp i ungdomshuset.
NØGD MED OPPMØTET: Torsdags kveld var det rundt 35 som møtte opp i ungdomshuset.

– Denne tradisjonen har me drive med, heilt sida 2005. Tidlegare har me hatt rundt fire møter kvart år, men i år blir det begrensa til to. Eit no, og eit på hausten. Tidlegare har det vore frivilligsentralen som har stått for kafeane, men no har me i Årdal ungdomslag sjølv tatt saka i eigne hender, fortel Bjørn Årebru smilande.

Frivilligsentralen, og no Årdal ungdomslag har pleidd å arrangert dialekt- og stadnamnskafe kvart år slik at ein kan bli med å mimre tilbake til "gamle dagar", samt gi lyttarane ein trivleg kveld. 

– Eg vil spesielt gi ein stor takk til kvinne og familielaget som alltid stiller opp. Er det noko som skal arrangerast, stiller dikka opp med kaker og kaffi. Eg synest me burde gi dei ein applaus, rosar Bjørn. 

Noko alle er samde om, er at uttrykka og stadnamna kjem til å forsvinne med dei. Iben Storli legg til at dei skal ikkje vere så sikre på det. Blant dei eldre var det også nokre få unge fjes å sjå, noko som arrangørane syntest var flott. Årebru håpar ungdommen skal ta etter dialekta og alt som høyrer til, men er stygt redd for at det ikkje skjer. 

 

 

 

Til toppen