FLINK GJENG: Redaksjonen i skuleavisa Radleboki får ros frå lærarar og medelevar. Foto: Media og kommunikasjon, 2STA Årdal vgs.
FLINK GJENG: Redaksjonen i skuleavisa Radleboki får ros frå lærarar og medelevar. Foto: Media og kommunikasjon, 2STA Årdal vgs.

Mykje radling i fersk skuleavis

– Eit flott tiltak seier pedagogisk leiar ved Årdal vidaregåande skule.

  • Endret

Medieelevane i klasse 2STA ved Årdal vidaregåande skule har nok å gjera dette skuleåret då dei har starta ei skuleavis som i år har fått namnet "Radleboki".

På denne nettsida får lesarane sjå og lesa om alt mogleg som skjer på skulen.

– Radleboki er eit resultat av arbeidet me gjer i media- og kommunikasjonsfaget i år. Me håpar at det er interessant for andre å lesa dei forskjellige sakene frå skulen vår, seier Mathias Madslien, ein av ti elevar i klassen.

Starta som ein spøk

Lasse Løvdahl og Mathias Hansen er to andre elevar i klassen som sit i redaksjonen. Dei fortel at det å få laga ein eiga skuleavis som ein del av pensum er eit veldig spennande prosjekt. Namnet "Radleboki" har klassen teke frå det kjente årdalsuttrykket "radlebroki".

– Du får god erfaring og meistrar etterkvart dei forskjellige oppgåvene.

– Det starta som ein spøk, men etterkvart tykte me at namnet var passande og fengande. Det er noko alle i bygda har eit forhold til, då me synest det er originalt med litt humor, forklarar Lasse Løvdahl.

Seriøse

Målet til Radleboki er å ha seriøse og aktuelle sakar om det som skjer på skulen, og elevane plukker sjølve ut saker dei meiner er interessante. Til saman publiserer dei saker to til tre gongar i veka.

– Me prøver å finna dei gode historiane, men sjølvsagt må det vera saker som passar inn i ei skuleavis. Me skriv ikkje om sakar me elles finn i det store nyheitsbilete, men saker som er retta mot Årdal vidaregåande skule, seier Løvdahl.

– Flott tiltak

Sonja Hestetun som jobbar som pedagogisk leiar på skulen, tykkjer skuleavisa er eit flott tiltak.

– Det er utruleg kjekt å lesa. Det som gjer det så spennande er at elevane skriv sjølve. Då lærer dei å ta ansvar, i tillegg til å tileigna seg erfaringar. Og det gir eit godt inntrykk av skulen vår, seier Sonja Hestetun.

Til toppen