FILEFJELL: Laurdag ser det slik ut på Filefjell ved varden omkring klokka 11.30. Foto: webkamera statens vegvesen. 
FILEFJELL: Laurdag ser det slik ut på Filefjell ved varden omkring klokka 11.30. Foto: webkamera statens vegvesen. 

Mykje regn i vente og vanskelege køyreforhold i fjellet

Laurdag er det venta mykje nedbør i Sogn og Fjordane. 

Årdal/Lærdal: Det er sendt ut ektremværvarsel, særleg på sør- og vestlandet. I Indre Sogn regnar det kraftig på laurdag og yr.no melder at det framleis er mykje nedbør i vente. Lokalt kan den komme 50-80 mm på 24 timar. 

Snøgrensa er venta å ligge omkring 1000 m, men vil synke til 400-600 m utover dagen. I fjella er det venta stor snøskredfare og vanskelege køyreforhold på grunn av mykje vind og nedbør. 

Statens vegvesen

Statens vegvesen melder på sine sider at Ev 16 Filefjell, Rv 52 Hemsedalsfjellet og Fv 53 Årdal - Tyin framleis er opne. Dei melder at det er isdekke og fare for glatte parti. Store køyretøy bør bruke kjetting. Dei oppmodar folk om å tenke seg om før dei ferdast i fjellet laurdag. 

For meir informasjon, ring trafikkmeldinger: 175

 

Til toppen