PÅ TIDE MED VINTERDEKK: Vegvesenet har ei klar melding til bilistar som skal køyra over fjellovergangar, vinterdekka må på.
PÅ TIDE MED VINTERDEKK: Vegvesenet har ei klar melding til bilistar som skal køyra over fjellovergangar, vinterdekka må på. (Foto: Tindevegen.no)

Mykje snø i fjella, Vegvesenet: – Berre tull å køyra med sommardekk no

Trafikkoperatør hjå Vegtrafikksentralen Vest, Lise Kristoffersen, oppmodar folk som skal over fjella å sko seg etter vêret.

Indre Sogn: Den siste tida har det vore mykje uvêr i regionen, med store nedbørsmengder og flaum.

I fjella har det no lagt seg eit solid snødekke, og Statens vegvesen ber folk om å tenkja seg om før dei vurderar å køyre over fjellovergangar. 

– Me får ein del spørsmål frå bilistar om når dei bør skifta dekk, og me seier ikkje anna enn at me ikkje anbefalar sommardekk. Sognefjellet no har snø- og isdekke og det kan bli stengd på kort varsel. I dag har det vore -2 grader, så folk bør skifta dersom dei skal over fjella, seier Kristoffersen. 

– Set andre i fare

Trafikkoperatøren er heilt klar i oppmodinga om å sko bilen etter forholda. 

– Det er litt skummelt for det har byrja å leggja seg snø på fjella no. Det har vore mykje dårleg vêr i det siste, og det har vore litt kaldt om nettene så frosten legg seg, seier ho. 

Ho legg ikkje skjul på at det er uansvarleg å køyra med sommardekk over fjella.

– Ein set ikkje berre seg sjølv i fare, ein set andre traffikantar i fare også. Så bilistar må tenkja seg om, sler ho fast. 

Stengde vegovergangar og snødekke

Sognefjellet har hatt litt problem dei siste dagane, då overgangen vart stengd grunna uvêr. Tysdag morgon bestemte Vegvesenet at strekka over fjellet på fylkesveg 55 vil halda nattestengt frå klokka 20:00 til 08.00.

Slik såg det ut over Tindevegen i Årdal kommune tysdag ettermiddag. Det var -2.7 grader, og eit tydeleg snødekke har lagt seg på vegen. 

MYKJE SNØ: Slik ser vegen mot Turtagrø ut tysdag ettermiddag. Foto: Tindevegen.no
Til toppen