Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar
Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar

Mykje styr for lite

LEIAR: Politireforma har skapt mykje hovudbry og støy i Indre Sogn, men kva har det vore godt for?

Det er berre å ta av seg hatten og gratulere Aurland, og for så vidt Årdal, med at dei har klart å kjempe seg til å behalde lensmannskontora sine. 

Me må innrømme at me trudde det var for seint, spesielt når politimeisteren ikkje tok klagane til følgje i første omgang. Me kritiserte også innsatsen frå kommunane, at dei kanskje gjorde for lite – at å stå på talarstolen i ein kommunestyresal i Sogn ikkje ville ha effekt.

Om det var det som gjorde susen, kan ein jo ikkje vite sikkert, men kontora har dei fått behalde både Aurland, Lærdal og Årdal, og det er fint for innbyggjarane og naturlegvis dei tilsette.

For det ville heilt definitivt vore synd dersom ein reduserte det til eitt kontor på sørsida av fjorden. Ein skal vere forsiktig med å setje ein verdi på eit lokalt politi, der Politikameratane er eit opplagt døme på kor godt det er å kjenne ein politibetent eller lensmann. 

Frykta for at det ikkje ville vere att politi i lokalsamfunnet er reell. Det å møte lensmannen på butikken med eit hyggeleg nikk er store fordelar ein kan dra nytte av på mange område i eit lokalsamfunn, ikkje berre med politiet.

Det går likevel an å forstå det som sikkert er litt frustrasjon frå regionlensmann Arne Johannessen, som meiner det faglege løftet ville vore større dersom ein berre hadde hatt eitt lensmannskontor på sørsida av fjorden. Bakgrunnen for det er rammene dei har både økonomisk og på mannskap. 

Saka har også utvikla seg litt spesielt. 

For då kommunane hadde moglegheit til å klage på sjølve vedtaket, så fekk dei nei. Klageperioden etterpå var knytt til feil i prosessen, eller sakshandsamingsfeil. At Årdal og Aurland vinn fram her, er eigentleg litt rart, sjølv om begge kommunane følte at argumenta deira vart oversett – i den grad ein kan kalla det ein feil. 

Når ein då samanliknar det med situasjonen på nordsida av fjorden, der avstandane er minst like lange og det eine kontoret i Sogndal skal serve fleire tusen fleire menneske, så blir det heile litt rart. 

Argumenta til Årdal og Aurland er alle gode, og kanskje politimeisteren heller burde gått for desse to kommunane i første omgang i staden for «midt i mellom-løysinga» med Lærdal, som eigentleg berre kan tolkast som ein «safe» utveg.

Me bur i eit utfordrande geografisk område, men både Johannessen og lensmann i Årdal, Magne Knudsen, har tidlegare uttalt til Porten.no at responstida truleg ikkje blir særleg betre eller verre med politireforma. Altså er det ikkje det folk kanskje er mest opptekne av dette handlar om, men alle dei andre oppgåvene politiet har. 

Og då kan ein jo spørja seg kva Justis- og beredskapsdepartementet ser, som ikkje dei andre instansane såg. Det er sjølvsagt berre fint at lensmannskontora består, men skal samfunnet utvikle seg, er det ein gong slik at alle må ta sin del. Det kan vere interessant å vurdere kva som har endra seg på nordsida av fjorden samanlikna med sørsida om nokre år, sjølv om dei nok samarbeidar godt.

Det einaste sikre ein kan konkludere med er at prosessen gir ein bismak i munnen, og at det har vore veldig mykje styr for lite eller ingenting.  

Til toppen