UTAN EIGAR: Ein femdel av Noreg står utan ein klart definert eigar, i følgje ny rapport. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
UTAN EIGAR: Ein femdel av Noreg står utan ein klart definert eigar, i følgje ny rapport. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Mykje utmark utan sikker eigar

Opp mot 70 prosent av utmarkseigedommane på over 1000 dekar her i landet, som ikkje er landbrukseigedom, manglar ein klart definert eigar.

Det viser ein ny rapport frå NIBIO. Dei store utmarkseigedommane i undersøkinga utgjer faktisk så mykje som ein femtedel av fastlandet i Noreg, og inneheld stort sett uproduktiv skog, myr, høgfjell og vatn. 

NIBIO-rapporten viser at 38 prosent av utmarka som vart undersøkt hadde eigaropplysningar. Men heile 36 prosent av utmarkseigedommane mangla matrikkelnummer, noko som vil seie at det ikkje er opplysningar om kven som eig eigedommen. Det viste seg også at mange av eigarane hadde bustadadresse i andre kommunar.

Til toppen